For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Det er ikke tidlegare registrert eit lågare fødselstal enn andre kvartal i år. Illustrasjonsfoto.
Det er ikke tidlegare registrert eit lågare fødselstal enn andre kvartal i år. Illustrasjonsfoto.

Lågaste fødselstalet som er registrert i Sauda

Publisert Sist oppdatert

Nye tal på folkevekst i Norge blei offentleggjort av Statistisk Sentralbyrå onsdag i førre veke, og medan talet på innbyggarar i Norge generelt held fram med å vekse, er dette ikkje tilfellet for Sauda i andre kvartal av 2023.

I andre kvartal blei det kun fødd fem ferske saudabuar. Det er det lågaste fødselstalet som er å finne i statistikken hos SSB, som strekk seg tilbake til 1997. I den same perioden mista vi tolv saudabuar.

Pilene snudd

Også den registrerte innanlands innflyttinga til Sauda gjekk markant ned frå første til andre kvartal i år. Medan tilflyttinga var på 64 personar i starten av året, var den under halvparten så stor i andre kvartal. Det er registert sju personar som innvandrarar frå utlandet i andre kvartal.

Når utvandringa i tillegg auka frå 28 personar til 45 personar i andre kvartal, er det ikkje til å unngå at pilene for folketalet i Sauda har snudd frå å peike oppover til å peike nedover.

Vekst i Norge

For landet generelt er statistikken annleis. Det er framleis folkevekst, og ved inngangen av andre kvartal i år, har Norges befolkning akkurat passert 5,5 millionar. Fødselsoverskotet i landet, som var 3 400 i andre kvartal, er ikkje spesielt høgt, sett i eit historisk perspektiv. På same tid har dødelegheita i landet gått noko ned sidan den oppsiktisvekkande auka i 2022.

Det var 18 000 innvandringar i Norge i andre kvartal, og ein tredjedel av desse var ukrainske statsborgarar. Dermed har 46 000 ukrainarar innvandra til Norge sidan starten av 2022.

Powered by Labrador CMS