Lokalt førarkort
Me er inne i ei tid der det vert sett fokus på eldreomsorg som har mange sider. Eit av dei er at ein kjem i den situasjonen at ein kjem i husarrest, fordi ein er ikkje mobil lenger.
Dette er stort sett problem for dei som bur ute i bygdenoreg. Det er ikkje lenger eit godt offentlege busstilbod, og når ein ikkje har førarkort lenger, ja då er ein i husarrest. Dette kan gå på helsa laus for mange av oss, difor må det takast på alvår.
Bygdane rundt om er stort sett like i oppbygging. Det gjeng ein veg gjennom dalen og det er inntil denne vegen at forretningane ligg. Så har me bygdevegar rundt om og det er inntil dei at delar av folket bur. Denne vegen kan i mange høve vera lang, så det er ikkje mogeleg for eldre folk å gå til forretninga, eller til ein nabo som ein kunne ha moro av å reise på besøk til.
Løysninga her må vera eit lokalt førarkort.
Det er ikkje store trafikken rundt om på bygdane, så dette burde ikkje vera noko problem. Eg ser for meg at det må vera mogeleg å få eit førarkort som dekker den kommunen ein bur i, eller i eit lokalt område som høver og at det står på førarkortet.
Det er snakk om å vidareføre livskvaliteten til dei bygdefolka som framleis har høve og lyst til å reise rundt i bygda si av forskjellige grunnar.
Dette er etter min meining ei viktig sak for mange pensjonistar rundt om i landet.
Det er mange pensjonistar som ikkje har erfaring med køyring i byane, dette forsterkar seg når ein vert eldre. Dette medfører at mange ikkje tek siste oppkøyringa når dei skal fornye førarkortet i litt høg alder.
Med denne bakgrunn så burde myndighetane legge om, slik at det er lensmannen og dokteren som avgjer om dei kan godkjenne fornyinga.
Dette er viktig, for det er i lokalmiljøet at vedkommande har køyrdt og skal køyre i framtida.
Det er viktig å få denne saka handsama i det offentlege rom.
Det er ein sovande paragraf i vegtrafikklova som omhandlar dette og som det er viktig å vekke til live.