For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Jens Kihl.
Jens Kihl.

Lokalvalet: – Vi må vere bevisste på at vi har eit ansvar

Publisert Sist oppdatert
Ein som har ei meining om dette er Jens Kihl, kulturredaktør i Bergen. Då kommunereforma blei lagt fram av Solberg-regjeringa i 2014, bestemte han seg for å besøkje alle kommunane i heile landet før kommunesamanslåingane tok til.

Han fekk auga opp for at det er mogleg å organisere velferd, sosiale tenester og frivilligheitsarbeid på mange ulike måtar.

– Veldig mykje innovasjon og nytenking rundt offentleg sektor skjer ute i kommunane, fortel Kihl.

På reisa viste det seg for kulturredaktøren frå Ullevål at dei små, særeigne forholda bydde på gode utgangspunkt for lokaldemokratiet. Han tenkjer at kommunesamanslåingane ikkje nødvendigvis har danna eit betre demokratisk grunnlag.

Små kommunar, god kontakt

Kihl meiner nemleg at samanslåingane har påverka lokaldemokratiet mindre enn det som var tenkt.

– Det var meininga at større kommuner skulle få fleire oppgåver, noko dei stort sett ikkje har fått.

Jo Saglie, forskar ved Institutt for samfunnsforskning, meiner at fordelane med større kommuner ikkje handlar så mykje om demokratiet, men i større grad om betre tenesteyting og meir profesjonell administrasjon.

– Tenkjer du at det er ein lokaldemokratisk fordel med små kommuner?

– Det er det. Men ein kan stille spørsmål om tett kontakt mellom politikarar og veljarar er bra i alle situasjonar. Små forhold kan resultere i blant anna inhabilitet, seier Saglie.

Han poengterer at den demokratiske kontakta mellom veljarane og politikarane rett nok skaper moglegheiter til å ytre meiningar og innspel direkte til politikarane.

Politisk val eller personleg dømming?

Den tette kontakta gjer det samtidig meir sannsynleg at privatlivet kan spele inn i stemmegivinga ved kommunestyrevalet.

Saglie fortel at om det berre er personlege eigenskapar ved kandidatane folk baserer valet sitt på, blir det i liten grad eit politisk val.

– Men det er ikkje nødvendigvis noko problem at valet i små kommunar blir meir av eit personval og mindre av eit partival.

Saglie meiner at eit personprega val ikkje berre handlar om å betrakte privatlivet til personar i negativ forstand.

– Det er også slik at ein gir personstemmer til folk ein kjenner, fordi ein gjerne vil støtte opp om for eksempel venner, slektningar og naboar. I små samfunn der alle kjenner alle er det òg andre saker på dagsordenen enn dei rikspolitiske skiljelinene.

Då meiner Saglie at det berre er positivt at personar kan mobilisere like godt som parti.

Få lister

Ein anna tendens ved kommuner med få innbyggjarar er for få lister som stiller til val. Om dette er negativt kjem an på kva valet står mellom, meiner Saglie.

– Om det for eksempel berre er Arbeiderpartiet og Senterpartiet som stiller med liste, kan velgjarar på høgresida føle at dei ikkje har noko parti å stemme på.

Forskaren peiker på at det òg kan vere vanskeleg å orientere seg i det politiske landskapet i ei kommune for mellom anna innflyttarar, om det berre er lokale lister som stiller til val.

– Men om dette var eit faktisk problem ville ein kunne sjå at det gjekk utover valdeltakinga.

Korleis samanhengen med talet lister og valdeltaking ser ut, veit ikkje forskaren, men det er ikkje mindre valdeltaking i små enn i store kommuner.

Politiske verkstader

Kihl tenkjer på si side at få lister kan vere eit uttrykk for at folk er veldig fornøgd og ikkje ser noko behov for å organisere seg og velte dei som plar å styre kommuna.

– Mange lister kan òg gi ein veldig kaotisk lokalpolitikk, med protestparti som går inn og ut av eit kommunestyre.

Kulturredaktøren ser på funkjsonen til dei lokale laga og listene på ein noko annan måte enn partias funksjon i stortingspolitikken.

– På småplassar er det ofte konsensus i kommunestyra – at alle er einige om at hovudvegen burde rustast opp og alle er einige om at det må satsast på skulen og barnehagen slik at småbarnsfamiliane blir i bygda, seier Kihl.

Med det meiner han at partia i større grad fungerer som politiske verkstadar der ein kan kome på gode idear, meir enn ideologiske fabrikkar.

Samtidig tenkjer Kihl at mange lister er eit typisk teikn på eit rikt og levande lokaldemokrati.

– Eg synest det kan vere bra med fleire lister, sidan dei kan halde dei etablerte partia i øyra, seier han.

Godt vaksne menn dominerer

Blant etablerte parti i små kommuner kan det vere utfordrande å rekruttere unge politikarar. Og variasjon i alder og mangfald er noko forskar Saglie meiner er viktig.

– Sjølv om partia går til val på bakgrunn i ein viss partidisiplin, så er det viktig både for kommunestyret og i dei forskjellige partigruppene at ulike erfaringar blir teke i betraktning når sakene skal behandlast, seier Saglie.

Han meiner at mangfald og kjønnsbalanse òg kan ha ei symbolsk betydning ved at det viser at ulike grupper har moglegheit til å bli høyrt i lokalpolitikken.

– Det har blitt slik at det er godt vaksne menn som dominerer i mange kommunestyrer. Det er dumt. Eller det er jo veldig bra at dei vaksne karane gjer jobben.Men vi treng jo fleire type folk inn i lokaldemokratiet, seier kulturredaktør Kihl.

Kva må endrast for at det skal skje?

– Vi må rett og slett vere bevisst på at vi har eit ansvar under valet. Vi må krysse for kvinner, unge folk og folk med ikkje-norsk bakgrunn.

Kihl meiner at eit anna tiltak for å få meir representasjon og eit betre demokrati, handlar om å tenkje på korleis vi oppfører oss i sosiale medium når kommunestyrepolitikarar har gjort noko vi er heilt ueinig i.

Hets skapar bekymring

– Netthets er ei utfordring for lokaldemokratiet. Dette er eit aukande problem og mitt inntrykk er at det nesten er verre jo mindre lokalsamfunnet er, seier Kihl.

Forskar Saglie stadfestar at valkandidatar som stadig blir utsett for hets og hatytringar i sosiale medium i det siste har vakt ein del bekymring for demokratiet.

– Dette kan skremme folk frå å stille til val.

– Er det større sannsyn for å få hatytringar som valkandidat eller politikar i mindre kommuner, enn i større?

– Dette har eg ingen forskingsmessige svar på, men eg tviler på at det er slik. Kanskje er det lettare å sende hatmeldingar til politikarar ein berre har lest om i media, men ikkje kjenner personleg. I så fall er kandidatar i store kommuner kanskje meir utsett, svarer Saglie.

Powered by Labrador CMS