For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Nordmenn er redde for naturen sin. Her eit blinkskot frå Herheimsdalen.
Nordmenn er redde for naturen sin. Her eit blinkskot frå Herheimsdalen.

Mange fryktar tap av naturopplevingar

Publisert Sist oppdatert

Det er Norsk Friluftsliv, Den Norske Turistforening og WWF Verdsnaturfondet som står bak undersøkinga. Dei meiner den breie deltakinga viser at nordmenn har eit nært og inderleg forhold til naturen.

– Alle i Noreg er opptekne av natur og nesten alle har sin favorittnatur. Når vi ser at naturen stadig trekkjer det kortaste strået, så er det klart at det skapar engasjement. Mange har alt mista natur som betyr mykje for dei, og mange fortel om opplevingar dei fryktar skal bli borte, seier juryleiar og professor Dag O. Hessen i ei pressemelding.

Her er ei liste over det folk er redde for å miste, i tilfeldig rekkjefølgje:

  • Nærnatur
  • Urørt natur
  • Urskog
  • Stille og mørke
  • Kyst og strandsone
  • Levande hav og fjord
  • Fugleliv og naturlydar
  • Frodig flora og yrande dyreliv
  • Hausting på premissane til naturen
  • Skiturar, årstider og snørike vintrar

Hessen meiner prosjektet har treft ein nerve i folk, og han trur mange har sett pris på å bli spurde kva naturen betyr for dei personleg.

– Ikkje uventa er det kvaliteten ved naturen som det urørte, stille, fråvær av lysforureining og fråvær av inngrep som går igjen. Ein del har merkt seg at det blir færre fuglar, medan andre tek opp vinter, snø og skiturar, seier Dag O. Hessen.

Powered by Labrador CMS