For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Det er mykje du kan gjere sjølv i heimen, men det er også oppgåver du må få inn fagfolk for å hjelpe deg med.
Det er mykje du kan gjere sjølv i heimen, men det er også oppgåver du må få inn fagfolk for å hjelpe deg med.

Mange gjer ulovleg vedlikehald heime

Publisert Sist oppdatert

– Det er ikkje lov. Vi ser jamleg at folk får dyre skadar etter slett hobbyarbeid. I verste fall kan det gå heilt gale, seier produktsjef i Frende Forsikring, Øystein Øren, i ei pressemelding.

I undersøkinga Norstat har utført for Frende seier ein av tre at dei har gjort enkelt røyrleggjararbeid som å skifte blandebatteri eller kranar heime hos seg sjølve. Ein av fem seier at dei har gjort elektrisk arbeid som å skifte automatsikringar eller montert ny stikkontakt.

– Felles for alle desse jobbane er at dei skal gjerast av autoriserte fagfolk. Slik er det med elektrisk arbeid og VVS, og det er det ein grunn til, seier Øren.

Overdriven tru på eigne ferdigheiter

Frendeundersøkinga viser også at det er stor forskjell mellom den trua menn og kvinner har på eigne fagfolkferdigheiter.

– Dette er berre tullete. Kvifor halvparten av mennene meiner dei kan fikse røyrleggjarting, medan ein av tre menn tenkjer dei har kompetansen til ein elektrikar skjønar eg ikkje, seier Øren.

I undersøkinga har 1.000 nordmenn også vorte spurde om dei synest det er greitt å gjere slikt arbeid heime.

– Svara viser det same. Nesten 40 prosent av menn svarer ja, medan berre 16 prosent av kvinnene er samde, seier Øren.

Øren peikar på at det oftast er taklamper, downlights, varmekablar eller varmtvasstank folk knotar med på eiga hand, seier Øystein

(NPK)

Powered by Labrador CMS