Meir enn halvparten av oss har vore redde som passasjerer i bil. Foto: Unsplash.
NPK
Meir enn halvparten har vore redde i bil
Den nye undersøkinga viser at heile 53 prosent har vore redde for køyring eller fart medan dei har sete på i bil, skriv Frende Forsikring i ei pressemelding.
Likevel har 22 prosent droppa å gi beskjed til føraren.
Tala kjem fram i ei undersøking gjort av Norstat på vegner av Frende.
– Det er overraskande høge tal. Om du sit på i ein bil og synest sjåføren ikkje køyrer forsvarleg, må du gi beskjed, seier fagsjef på motor i Frende, Roger Ytre-Hauge.
Vidare viser undersøkinga at det er flest i aldersgruppa 18–29 år som har opplevd å vere urolege for fart og køyremåte, men samstundes er dei dårlegast på å gi beskjed.
Ytre-Hauge seier det er bekymringsverdig at det er slik.
– Unge menneske som nettopp har fått lappen, har mindre erfaring bak rattet. Om det er vennegrupper som er ute å køyrer og det opplevast ubehageleg, så er det viktig at ein tør å seie ifrå. Det kan i ytste fall hindre ulukker og redde liv, understrekar han.