For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Mjølkesalet har minka kraftig det siste tiåret, men salet av smaksett mjølk går opp.
Mjølkesalet har minka kraftig det siste tiåret, men salet av smaksett mjølk går opp.

Mjølk med smak sel som aldri før

Publisert Sist oppdatert

– Den heilt store vinnaren på mjølkemarknaden er søtmjølk med smak, som sjokolademjølk, iskaffi og anna smaksett mjølk. Desse har hatt ein vesentleg auke dei seinare åra, seier kommunikasjonsrådgivar Stine Wickmann i Melk.no, til Nationen.

Vanleg kvit mjølk hadde ein nedgang frå 80 til 75 liter per nordmann frå 2021 til 2022. Men den smaksette mjølka hadde ein oppgang på fire prosent.

– Våre marknadstal viser ein positiv trend i salet av populære produkt som sjokolademjølk, og vi trur mykje av auken kjem av at det stadig kjem nye og spennande produkt på marknaden som inneheld lite eller er heilt utan tilsett sukker. På den måten blir produkta attraktive for fleire forbrukargrupper, seier ernæringsrådgivar Terese Glemminge Arnesen i Melk.no, til avisa.

Undersøkingane deira viser at sjokolademjølk er spesielt populært blant unge gutar, men med nye variantar utan sukker har drikken vorte aktuell for fleire grupper. Også vanleg kvit heilmjølk har fått ein oppsving, salet har auka med fire prosent dei tre siste åra.

Powered by Labrador CMS