For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Næringsministeren skjerpar tonen overfor Statkraft og ber dei vere konkurransedyktige» på fastpriskontraktar til næringslivet.
Næringsministeren skjerpar tonen overfor Statkraft og ber dei vere konkurransedyktige» på fastpriskontraktar til næringslivet.

Næringsministeren ber Statkraft sørgje for å vere konkurransedyktige på fastprisavtalar

Publisert Sist oppdatert

Statseigde Statkraft er Noregs største kraftprodusent.

Til NRK har næringsdepartementet påpeika at Statkrafts fastpriskontraktar kostar meir enn dei konkurrentane tilbyr, og i møtet bad han Statkraft sørgje for å vere konkurransedyktige.

– Eg har i dag formidla til Statkraft at eg forventar at dei, innanfor gjeldande regelverk, opptrer offensivt i konkurransen om fastpriskundane. Eg forventar at Statkraft innrettar verksemda slik at dei er konkurransedyktig i fastprismarknaden, seier Vestre i ei pressemelding.

Han seier Noreg og Europa no er i den største energikrisa sidan 1973, og at Statkraft har eit særleg ansvar.

– Statkraft er Noregs største kraftprodusent, og eg er derfor oppteken av at selskapet er klar over den rolla dei har i ein slik situasjon for å bidra til eit velfungerande og berekraftig kraftsystem og ein kraftmarknad som skal ha tillit og oppslutning i befolkninga, seier Vestre.

Styreleiar i Statkraft Thorhild Widvey seier til NRK at dei hadde eit godt møte med næringsministeren. Samtidig understrekar ho at selskapet må ta omsyn til marknadsprisane, sjølv om dei har eit enormt overskot.

– Vi er veldig bunde av eit regelverk for korleis prisane blir fastsett, så det kan ikkje blandast opp mot eit overskot som staten har, seier ho.

(NPK)

Powered by Labrador CMS