For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

NAF meiner at det trengst meir pengar frå staten for å hente inn etterslepet innan vedlikehald på fylkesvegane.
NAF meiner at det trengst meir pengar frå staten for å hente inn etterslepet innan vedlikehald på fylkesvegane.

NAF er bekymra for vedlikehaldet av fylkesvegane

Publisert Sist oppdatert

Fylka brukte 15,4 milliardar kroner på drift og vedlikehald av veg i fjor, ifølgje ei berekning frå NAF. Bilorganisasjonen er bekymra for fylkesvegane.

Summen som gjekk til drift og vedlikehald i fjor, var ifølgje NAF ein auke på 1,7 milliard høgare enn året før.

– Kostnadene aukar mykje, men andelen som går til vedlikehald, søkk, seier pressesjef Ingunn Handagard.

Frå 2021 har kostnadene til drift auka med 37 prosent, medan summen til vedlikehald har auka med 8 prosent, viser tal som NAF har henta frå Statistisk sentralbyrå.

– Fylka bruker ein stadig større del av midlane på drift. Vi er bekymra for om det er nok igjen til vedlikehald. Fylkesvegane blir i stadig dårlegare forfatning, seier Handagard.

NAFs berekningar viser eit etterslep på vedlikehald i fylka på rundt 105 milliardar kroner, i tillegg til eit etterslep på rassikring på 61 milliardar kroner. Handagard meiner at det trengst mykje meir pengar frå staten for å hente inn etterslepet.

(NPK)

Powered by Labrador CMS