Norske bustadeigarar må belage seg på høge rekningar til energieffektivisering i åra som kjem. No kjem nye reglar frå EU.
Norske bustadeigarar må belage seg på høge rekningar til energieffektivisering i åra som kjem. No kjem nye reglar frå EU.

No kjem EU-krav til oppgradering av bustadar

Publisert Sist oppdatert

Dei neste åra må norske huseigarar belage seg på å punge ut for å redusere energiforbruket i bustadar. No kjem nye reglar frå EU.

Korleis energieffektiviseringa skal skje, og kven som skal ta rekninga, er høgst uklart. Førebels har ikkje norske styresmakter nokon plan for korleis EUs nye bygningsenergidirektiv skal bli gjennomført.

– Energidepartementet vil gjere ei vurdering av EØS-relevansen til direktivet og eventuelle behov for norske tilpassingar, opplyser kommunikasjonsrådgivar Fanny Løvholm i Energidepartementet til NTB.

– Det er for tidleg å seie noko om ei eventuell praktisk gjennomføring av krava som vil komme i det nye direktivet, slår ho fast.

Mot netto null

Det såkalla bygningsenergidirektivet handlar i hovudsak om to ting: Energiforbruket i bygg skal ned med 16 prosent fram til 2030, og med 20–22 prosent fram til 2035. Etter 2040 skal ikkje olje og gass kunne bli brukt til oppvarming.

I 2050 skal alle bygningar vere såkalla netto nullutsleppsbygg, og kvalifisere til energiklasse A.

Dette skal bidra til store utsleppskutt i Europa. I dag står bygg for ein dryg tredel av utsleppa, og rundt 40 prosent av energibruken.

Det er unntak for fritidsbustadar og dessutan eldre og verneverdige bygg der det er teknisk vanskeleg å gjennomføre tiltak.

Like før jul kom EU-parlamentet og ministerrådet til semje om direktivet, og måndag kveld gav industri-, forskings- og energikomiteen (ITRE) i parlamentet tommel opp som eit første ledd i EUs formelle godkjenningsprosess.

I mars skal parlamentet stemme over direktivet i plenum, før det deretter blir banka gjennom i EUs ministerråd.

Først når direktivet er endeleg vedteke, blir det sendt på høyring i Noreg.

Saknar svar

Bygningsenergidirektivet vil også gjelde i Noreg gjennom EØS-avtalen. Det betyr at svært mange norske bustadar må bli oppgraderte. Nesten seks av ti bustadar er nemleg energiklasse D eller lågare, viser statistikk frå Enova.

Dermed kan det bli naudsynt med energieffektiviseringstiltak, som etterisolering og utskifting av vindauge, for å oppfylle krava.

Men kven skal ta rekninga? Eit godt spørsmål, tykkjer forbrukar- og kommunikasjonssjef Carsten Pihl i organisasjonen Huseierne.

– Dette skulle vi gjerne hatt svar på, og vi har lenge etterlyst meir aktivitet. Men vi har fått veldig få signal frå styresmaktene om korleis dette skal gjerast. Det verkar som dei er bakpå og ikkje har teke tak i problemstillinga, men skyv dette framfor seg, seier han til NTB.

– Må ha stønad frå staten

Han viser til at regjeringa allereie har fastsett eit mål om å redusere straumforbruket i bygningsmassen med 10 terawattimar innan 2030. Dette går som hand i hanske med EU-direktivet.

– Vi er avhengige av at det kjem stønad frå staten, seier Pihl, som viser til at Sintef og NTNU har tilrådd at staten tek ein tredel av rekninga.

– Dette kan gjerast gjennom til dømes momsfritak eller skattefrådrag. Og så må det komme støtteordningar for dei som ikkje har råd til å pusse opp, meiner Pihl.

I EU vil det komme på plass ordningar som hjelper dei svakast stilte til å renovere bygg. Mellom anna har EU oppretta eit eige sosialt klimafond på meir enn 650 milliardar kroner. Noreg skal bidra med 5,5 milliardar kroner over åtte år, ifølgje nettavisa Energi & Klima.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS