Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på ryfylke.net • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1926
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 165 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønsker.

Kjøp her

Du må logge inn for å lese artikkelen

NTNU-forskaren Kim Rainer Mattsson har saman med to kollegaer gjennomført ein omfattande studie av norsk avfallsbehandling. Avfallspolitikken er mislykka, meiner dei.
NTNU-forskaren Kim Rainer Mattsson har saman med to kollegaer gjennomført ein omfattande studie av norsk avfallsbehandling. Avfallspolitikken er mislykka, meiner dei.

Nordmenn best i Europa på søppelsortering – men mykje går likevel opp i røyk

Publisert Sist oppdatert
I ein studie publisert i oktober i år, der Mattson er ein av forskarane, kjem det fram at det er store hol i informasjonen styresmaktene hentar inn om avfallet vårt. Dei har blant anna funne ut at vi i nokre år faktisk har resirkulert 40 prosent mindre enn det som er oppgitt i offentlege statistikkar.

– Vi har funne mangelfulle data, upresise målemetodar og mangel på openheit frå returselskapa. Det svekkjer kunnskapsgrunnlaget som avfallspolitikken vår byggjer på. Derfor endar vi også opp med planar som ikkje verkar. Vi må få eit rapporteringssystem som gir eit meir reelt bilete av prosessen, seier Kim Rainer Mattson til Nynorsk pressekontor.

Han er doktorgradskandidat ved Institutt for energi- og prosessteknikk på NTNU. Han står bak studien saman med professor Helge Brattebø og førsteamanuensis Johan Berg Pettersen.

Statssekretær Kjersti Bjørnstad (Sp) i Klima- og miljødepartementet meiner at det ikkje først og fremst er regelverket som står i vegen for korrekt informasjon.

– Forskjellen mellom forskarane sin statistikk og SSB er truleg mindre enn det kan sjå ut til, fordi dei inkluderer ulike typar avfall. Statistikken har vore under utvikling dei siste åra som følgje av at EU har endra rapporteringskrava sine. Rapporteringa til Miljødirektoratet er i tråd med EU-krava og kan samanliknast med tal frå andre EU/EØS-land, seier ho til Nynorsk pressekontor.

Etterlivet til avfallet

Dei tre forskarane er dei første som har følgt etterlivet til avfallet vårt. Heilt frå avfallet blir levert og behandla, til det endar opp som brende partiklar i atmosfæren, graven ned i deponi, som jord, kompost, gjødsel eller som materialar i nye produkt.

Det kjem fram i studien at både privatpersonar, politikarar og avgjerdstakarar får overdrive positive anslag frå styresmaktene på korleis systemet med innsamling, resirkulering og attvinning eigentleg fungerer.

I åra 2009 og 2019 rapporterte Statistisk sentralbyrå (SSB) om ei attvinningsgrad på høvesvis 44 og 41 prosent. Det er betydeleg høgare enn tala frå NTNU-studien, som viser ei attvinningsgrad på 28 og 29 prosent for dei same åra.

I 2009 gjekk 49 prosent av alt avfall som vart samla inn og behandla til forbrenning. Ti år seinare var dette auka til 65 prosent.

Forskaren nemner fosfor i mat som eksempel på at eit stoff som kunne bli brukt vidare i landbruket, men som ofte går til forbrenning. Fosfor er ikkje ein fornybar ressurs, og stoffet kjem blant anna frå gruver i Marokko. Han meiner det er naturleg å bruke fosforet vidare i gjødsel.

– Ei falsk førestilling

– Dette gir grunn til uro, fordi det skapar ei falsk førestilling om at vi er på rett veg. I realiteten er vi med og utviklar ein forbrenningsøkonomi, i staden for å jobbe målretta mot sirkulærøkonomi. Veldig mykje går til forbrenning, som ikkje burde bli brent, seier Kim Rainer Mattson.

Det som skjer, seier han, er at publikum sorterer avfallet sitt. Så går det til eit firma som skal ta seg av det, og så blir det rapportert inn til Statistisk sentralbyrå at avfallet har gått til attvinning.

– Problemet er at vi veit for lite om kva som skjer etter dette. Vi må få ein meir gjennomsiktig prosess. Når avfallet blir kalla ein ressurs, bør vi få vite kva som kjem ut av det. Vi treng informasjon om kva det blir attvunne til. Vi får vite til ein viss grad kva som skjer med stål og aluminium, men det er ein del kritiske materialar i elektronikk som vi har lite oversikt over, egg han til.

Kim Rainer Mattson, som sjølv har jobba fem år i avfallsbransjen, meiner det er heilt naudsynt med betre data på kva som faktisk skjer etter at avfallet er levert til avfallsstasjonen. Han peikar på at når SSB rapporterer at vi har 40 prosent materialattvinning på plast, så er ikkje det talet reelt. Det er berre eit mål på den informasjonen dei har, seier han.

– Fleire verkemiddel

Statssekretær Kjersti Bjørnstad seier at målet til regjeringa er at materialgjenvinninga av avfall skal auke.

– Vi har innført fleire verkemiddel dei siste åra for å gjere meir ombruk og materialgjenvinning mogleg, blant anna krav til sortering for ulike typar avfall. Dette trer i kraft 1. januar 2025. Vi kjem også til å gi Miljødirektoratet i oppdrag om å vurdere nye tiltak og verkemiddel. Vi har også sett ned ei ekspertgruppe som skal vurdere verkemiddel for sirkulær økonomi. Gruppa skal kome med tilrådingane sine i april 2025, lovar ho.

I forskingsrapporten kjem det fram at mykje av avfallet som blir brent, kjem frå samlekategorien restavfall. Nærmare 70 prosent av det er materialar som kunne vore sortert ut og behandla på ein meir miljøvenleg måte. I tillegg blir i snitt ti prosent av avfallet som faktisk blir kjeldesortert, sortert feil.

Det er store utfordringar med plast, papp, papir og elektronisk avfall. Folk sorterer feil og mykje går tapt. Når andre alternativ blir krevjande, kostbare og usikre, blir brenning den enklaste og billegaste løysinga.

– Øydeleggjande

– Det er øydeleggjande for avfallsindustrien med overskrifter om at vi stadig blir flinkare til å sortere og resirkulere søpla vår, medan avfallet endar på lager i Finland eller blir brent i Tyskland. Det er lett å tenkje seg at det ikkje akkurat motiverer folk til å kjeldesortere heime, legg Mattson til.

15–20 prosent av norsk restavfallet blir sendt til Sverige, der det blir brent. Utsleppa frå norsk avfall som blir brent i utlandet er ikkje med i den offisielle norske utsleppsstatistikken. Utslepp som oppstår i utlandet som følgje av behandling av avfall generert i Noreg, burde inkluderast i den nasjonale utsleppsrekneskapen, avsluttar Mattson.

Powered by Labrador CMS