Nordmenn brukte reseptpliktige legemiddel for 31,8 milliardar kroner i fjor. Det er ny rekord og ein auke med nesten tre prosent frå 2021. Hovudårsaka er at vi får ei stadig eldre befolkning, ifølgje fagdirektøren i Apotekforeningen.
NPK
Nordmenn brukte fleire legemiddel enn nokon gong i fjor
I gjennomsnitt brukte kvar innbyggjar 581 dosar reseptpliktige legemiddel i fjor, noko som svarer til 1,6 legemiddeldosar kvar dag. Legemiddelbruken auka med nesten tre prosent i 2022 frå året før.
Det viser tal Apotekforeningen har henta inn frå Farmaloggs legemiddelstatistikk.
– Ei viktig årsak til at legemiddelbruken aukar, er at vi får ei stadig eldre befolkning. Personar over 70 år bruker meir enn fem gonger så mykje legemiddel som dei under 60. Den eldste delen av befolkninga bruker i snitt meir enn fire legemiddeldosar dagleg. Jo fleire eldre, jo sterkare vekst i legemiddelbruken får vi, forklarer fagdirektør Hanne Andresen i Apotekforeningen.
Dagleg hjelper apoteka 193.000 kundar, det vil seie nesten 60 millionar apotekkundar i gjennom året. Dei fleste er pasientar som skal hente reseptpliktige legemiddel eller medisinsk utstyr.
Mange bruker også apoteka til å få anna helsehjelp. I 2022 vart det sett 220.000 influensavaksinar og 150.000 covid-vaksinar i apoteka.
Apoteka selde i fjor legemiddel for 35,3 milliardar kroner. Salet av reseptpliktige legemiddel utgjorde 31,8 milliardar, som svarer til at kvar innbyggjar i gjennomsnitt brukte reseptlegemiddel for 5.867 kroner. Det er ein auke på 5,4 prosent frå 2021.
Det mest brukte reseptlegemiddelet i Noreg er atorvastatin, som blir brukt mot forhøgt kolesterol. Bruken av atorvastatin har auka med ni prosent i 2022.