For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Nordmenn er ikkje flinke til å sortera søpla si. Konsekvensen kan bli store kommunale utlegg til robotiserte anlegg som etter-sorterer, på forbrukarane si rekning.
Nordmenn er ikkje flinke til å sortera søpla si. Konsekvensen kan bli store kommunale utlegg til robotiserte anlegg som etter-sorterer, på forbrukarane si rekning.

Nordmenn slurvar med søppelsorteringa – kan bli dyrt

Publisert Sist oppdatert

Innan 2035 skal 65 prosent av søpla kunna brukast om att, krev EU. Nordmenn er langt frå å nå det målet, og det kan bli dyrt. Frå neste år aukar avgiftene dersom me ikkje sorterer rett, skriv NRK.

Frå 1. januar 2023 skal alle hushald i landet sortera mat- og plastavfallet sitt. Innan 2035 skal to tredelar av søpla kunna vinnast att.

Berre 43 prosent av avfallet frå norske hushald går til attvinning i dag.

– Folk er ikkje flinke nok til å kjeldesortera. Og eg vil oppfordre alle til å ta dette på alvor, både heime og på jobb, seier Jørgen Masvik, administrerande direktør i Vefas IKS som driftar renoveringa i store delar av Vest-Finnmark.

Dersom hushalda i Noreg ikkje vert betre på kjeldesortering, kan kommunane måtta investere i robotiserte anlegg som etter-sorterer søpla. Slike anlegg kostar opp mot ein halv milliard, og i dei største byane kan det bli endå dyrare. Og det er abonnentane som må betala rekninga.

– Viss vi ikkje klarer det, har vi ikkje noko anna val enn å laga sorteringsanlegg som kan gjera den jobben for oss. Og det kostar skjorta, seier Masvik.

(NPK)

Powered by Labrador CMS