Svineribbe står øvst i statistikken over kva flest et den 24. desember.
Svineribbe står øvst i statistikken over kva flest et den 24. desember.

Nordmenn vel framleis tradisjonell mat både på julekvelden og nyttårsaftan

Ribbe og pinnekjøt toppar framleis lista over julemiddagar i Noreg. På Vestlandet er det også over ein tredjedel som vel sistnemnde til nyttårsaftan.

Publisert Sist oppdatert
– Ribbe og pinnekjøt er framleis favorittane til nordmenn på julaftan. Vi er opptekne av tradisjonar, og vel tradisjonsmat framfor alternative rettar på julaftan, seier Anette Fjelleng Hansen, kokk i Matprat i ei pressemelding.

På landsbasis er det 43 prosent som et svineribbe, medan 37 prosent vel pinnekjøt. 29 prosent vel julemiddagen ut ifrå kva som har vore tradisjon frå tidlegare, går det fram av ei gransking frå Matprat.no.

I tillegg er det framleis skilje mellom aust og vest, når det gjeld middagsval på julaftan. Svineribbe er favoritten på Austlandet, medan pinnekjøt er mest populært på Vestlandet. Desserten er dei to landsdelane likevel samde om.

– Dessertfavorittane på julaftan er dei same som tidlegare år. Riskrem er framleis favoritten for dei fleste, følgt av moltekrem, karamellpudding og is. Kvar du bur i landet er også med på å avgjere desserten julaftan. I Midt-Noreg og Nord-Noreg er det klart fleire som et moltekrem enn i resten av landet, seier Marta Ravnsborg, matfagleg rådgjevar i Matprat.

Kalkun er framleis nyttårsfavoritten, og 28 prosent valte dette i fjor. Dette er ein nedgang på seks prosentpoeng frå førre juleundersøking, som kan handle om at det har vorte vanlegare med ein minglefest med tapas eller smårettar. Men Vestlandet skil seg ut.

– Her står pinnekjøtet så sterkt at når det først er jul, så held det ikkje å ete det på julaftan – det må verte servert på nyttårsmenyen også. I Vestland fylke et heile 33 prosent pinnekjøt på nyttårsaftan, fortel kokk i Matprat, Cecilie Maske.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS