For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Noreg har små økonomiske skilnader og låg arbeidsløyse. Vi scorar høgt på miljø og buforhold og på helse ligg Noreg på topp. Det gjer Noreg til eit godt land å vere pensjonist i, meiner ein fransk bank.
Noreg har små økonomiske skilnader og låg arbeidsløyse. Vi scorar høgt på miljø og buforhold og på helse ligg Noreg på topp. Det gjer Noreg til eit godt land å vere pensjonist i, meiner ein fransk bank.

Noreg er det beste landet i verda for pensjonistar

Publisert Sist oppdatert

Den franske banken Natixis har analysert tryggleik og leveforhold for pensjonistar i 44 land. Etter fire år på tredjeplass klatrar Noreg heilt til topps i 2022-rapporten, skriv Aftenposten.

Rapporten undersøkjer ei rekkje forhold innanfor fire hovudområde: helse, økonomisk tryggleik, livskvalitet og materiell velstand. Noreg er inne på topp ti på alle desse hovudområda. Når dei blir sette saman, er Noreg heilt på topp.

Jan Davidsen, leiar i Pensjonistforbundet, understrekar at det er resultatet av hardt arbeid.

– I Noreg har vi jobba aktivt for å tryggje den tida etter ein går ut frå arbeidslivet. Det kjem av at vi har hatt eit godt organisert arbeidsliv, seier han til Aftenposten.

Betra økonomi for pensjonistar som løftar Noreg opp frå tredje plass i fjor til første plass i år. Noreg har små økonomiske forskjellar og låg arbeidsløyse. Vi skårar høgt på miljø og buforhold og på helse ligg Noreg på topp. Noreg gjer det litt dårlegare på lykkeindeksen enn i fjor. Dermed hamnar vi under Finland, Danmark og Sverige i livskvalitet for pensjonistar.

Etter Noreg følgjer Sveits, med Island på tredjeplass totalt. Vêr og klima er ikkje med i vurderinga.

(NPK)

Powered by Labrador CMS