For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Noreg kjem truleg til å vera nesten utan isbrear om 80 år.
Noreg kjem truleg til å vera nesten utan isbrear om 80 år.

Noreg kjem til å vera nesten utan isbrear i år 2100

Publisert Sist oppdatert

Klimaendringane gjer at isbreane smeltar. Eit nytt forskingsprosjekt har sett på 200.000 isbrear for å få ei betre forståing av kor fort det skjer. Resultatet er dystert, skriv Titan.

Sjølv viss me klarar å halda oss innanfor målet om 1,5 grader global oppvarming, vil halvparten av breane i verda forsvinna innan 2100. I Skandinavia, Sentral-Europa og New Zealand kjem endå meir av isen til å smelta.

– Me anslår at Skandinavia kjem til å mista minst 60–80 prosent av isen, sjølv utan ytterlegare oppvarming, seier professor Regine Hock ved Universitetet i Oslo til Titan.

Viss temperaturen aukar med 2,7 grader i staden, kjem 90 prosent av isen i Skandinavia til å smelta innan 2100. Når isen smeltar får det ei rekkje konsekvensar. Havnivået vil stiga, og lokalt kan det auka faren for skred.

Powered by Labrador CMS