Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på ryfylke.net • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1926
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 165 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønsker.

Kjøp her

Du må logge inn for å lese artikkelen

Styringsrenta blir sett opp 0,25 prosentpoeng til 3 prosent, opplyser sentralbanksjef Ida Wolden Bache
Styringsrenta blir sett opp 0,25 prosentpoeng til 3 prosent, opplyser sentralbanksjef Ida Wolden Bache

Noregs Bank hevar styringsrenta til 3 prosent

Publisert Sist oppdatert
Vurderinga til komiteen er at det er behov for ei høgare rente for å dempe inflasjonen. Prisveksten er klart over målet. Veksten i norsk økonomi er i ferd med å minke, men aktiviteten er framleis høg. Arbeidsmarknaden er stram, og lønnsveksten er på veg opp, opplyser Noregs Bank i ei pressemelding.

– Det er stor uvisse om den vidare økonomiske utviklinga, men går det som vi no trur, set vi styringsrenta vidare opp i mai, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache.

I desember sette sentralbanken opp styringsrenta med 0,25 prosentpoeng til 2,75 prosent. Vurderinga var då at styringsrenta mest sannsynleg ville setjast vidare opp i første kvartal 2023.

Noregs Bank opplyser vidare at renta truleg må meir opp enn tidlegare anslått for å føre inflasjonen ned til målet. Dei ser for seg ei styringsrente på rundt 3,5 prosent i sommar.

Powered by Labrador CMS