– Det er ein liten risikosport å seie så mykje om dette, seier professor Øystein Holand ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) til Nynorsk pressekontor.
Han viser til at det er ligg føre eit regelverk som definerer kva dyr som blir karakteriserte som ville i Norge. For at ein art skal kunne reknast å tilhøyre norsk natur må ein kunne dokumentere at han har vore vill i naturen før 1800. Det fører til at regelverket på mange måtar kan stå fram som rigid og fastlåst. Dei norske reglane er annleis enn i mange andre land.
– I Noreg definerer vi artane våre som anten ville eller husdyr. Vi har ikkje ein definisjon for ferale populasjonar, altså husdyr som blir ville og etablerer seg i naturen med hell. Den definisjonen har ein i mange andre land. Diskusjonen om fjerning eller vern er det mange eksempel på i Europa, fortel Holand.
Kvist-tvist
Sogn Avis har skrive fleire artiklar om geitene på Kvist. Ifølgje avisa er det litt uklart når og korleis geitene blei ville. Nokon meiner at dei blei ville alt på 1930-talet, medan andre meiner dei vart verande i fjellet då stølsdrifta vart avvikla etter krigen.
Det var i mai i fjor at representantar frå Mattilsynet og Statsforvaltaren reiste til Kvist mellom Nessane og Lånefjorden i Høyanger kommune for å observere geitene. Besøket resulterte i ein rapport der ein konkluderer med at geitene må avlivast.
– I Noreg er det få eksempel på at husdyr har blitt forvilla. Viss husdyr rømmer har eigaren interesse av å fange dei, ta vare på og få dei inn igjen. Det er ein verdi i husdyra og eigarane kjenner kanskje òg ei forplikting om å få dei inn igjen, seier Holand.
Rømming skapar trøbbel
Mange av husdyra våre har ikkje ville stamfedrar i naturen – noko som betyr at det er vanskelegare å etablere nye stammar. Det gjer det mindre risikabelt om dei skulle rømme. I fjordane og elvane er det derimot annleis.
– Oppdrettslaks på rømmen treffer dei ville stamfedrane sine villaksen i naturen. Møte mellom oppdretts- og villaks kan i verste fall føre til genetisk utarming. Slike ting har vi ikkje eksempel på for sau, geit eller storfe, seier Holand.
Også pelsdyr som har rømt har skapt problem. Eit eksempel der er minken. Mink er eit mårdyr som naturleg høyrer heime i Nord-Amerika. Minken blei importert til Europa for bruk i pelsfarmar og rømte dyr har etablert seg ute i naturen i store delar av Europa. Den kan gjere stor skade på naturlege fuglebestandar og bygningar om han kjem seg inn.
– Minken er uønskt. Det er mykje vanskelegare å bli kvitt ein mink enn for eksempel ein populasjon med storfe. Det er trass alt store dyr ein ser godt i terrenget, medan minken er liten og rask. Det blir nok utfordrande å bli heilt kvitt minken om ein skulle prøve på det, men å nedkjempe han lokalt har vist seg å vere positivt for hekkande fugl, seier Holand.
(NPK)