– Det er ikkje bra at leseferdigheitene blant barna går ned, og det bekymrar meg. God leseforståing er viktig for skulegangen til elevane og vidare utvikling. Denne negative utviklinga skal vi snu, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).
Den internasjonale undersøkinga PIRLS har kartlagt leseferdigheitene til 10-åringar i 65 land. I Noreg vart undersøkinga gjennomført våren 2021.
Leseresultata frå undersøkinga viser at norske 10-åringar ligg godt over det internasjonale gjennomsnittet. Dei norske elevane les på same nivå som dei danske, men litt svakare enn elevane i Finland og Sverige.
Det er 10-åringane i Singapore som har høgast gjennomsnittskår. Like bak følgjer Irland og Hongkong.
Svakare resultat i nesten alle land
Sjølv om 10-åringane i Noreg ligg over det internasjonale gjennomsnittet, er resultata svakare i nesten alle land sidan den førre undersøkinga i 2016. I tillegg har Noreg hatt størst nedgang av dei nordiske landa.
– Dette er alvorleg. Lesing er den viktigaste byggjesteinen i opplæringa, og manglar du grunnleggjande leseferdigheiter, blir det vanskeleg å lære i alle fag, seier direktør Morten Rosenkvist i Utdanningsdirektoratet.
Norske 10-åringar rapporterer også om lågast leseglede av alle land i undersøkinga. Berre 13 prosent seier dei likar godt å lese, medan det internasjonale gjennomsnittet ligg på 42 prosent. Undersøkinga viser også at færre elevar las på fritida i 2021 enn i 2016.
Andelen svake lesarar har auka
Professor ved Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger, Åse Kari Hansen Wagner, er prosjektleiar for PIRLS 2021. Ho er særleg bekymra for at andelen svake lesarar har auka betrakteleg i Noreg. Ho siktar til at 19 prosent av dei norske femteklassingane presenterer på lågaste meistringsnivå eller under.
– Desse elevane vil ha problem med å lese ein aldersadekvat tekst frå byrjing til slutt og forstå innhaldet. Det er også oppsiktsvekkjande at det i 2021 er færre elevar som presterer på høgt og avansert meistringsnivå enn i 2016. Då var 58 prosent av elevane på høgaste meistringsnivå, no gjeld dette 48 prosent, seier Hansen Wagner i ei pressemelding.
Kan ha samanheng med pandemien
Forskarane bak undersøkinga går ut frå at nedgangen i leseresultat i stort sett alle land kan ha samanheng med at han vart gjennomført under pandemien.
– Barna bruker stadig meir tid på skjerm både på skulen og heime og mindre tid på papirbøker. Skal vi styrke lesinga, må vi tenke meir heilskapleg. Regjeringa er allereie i gang med fleire grep. Mellom anna har vi gitt meir pengar til skulebibliotek, og vi vil gi meir pengar til skulebøker, seier kunnskapsministeren.