For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Ny omikronvariant er langt meir motstandsdyktig mot antistoff.
Ny omikronvariant er langt meir motstandsdyktig mot antistoff.

Ny omikronvariant toler antistoff betre

Publisert Sist oppdatert

Antistoff i blodet frå vaksine eller gjennomgått covid-19 vernar vanlegvis godt mot ny smitte, men no har ein ny mutert variant av omikron byrja å breie seg, skriv Forskning.no.

Varianten er langt meir motstandsdyktig mot antistoff, har svenske forskarar ved Karolinska Institutet funne ut. Antistoff er berre ein seksdel så effektive mot den nye undervarianten, samanlikna med den vanlegaste omikronvarianten, ifølgje forskarane.

Varianten vart oppdaga tidlegare i haust og har spreidd seg til fleire land, men er framleis i mindretal av registrerte tilfelle. Den er berre ein av fleire nye variantar av liknande mutasjonar av viruset, som vil dominere i nær framtid.

– Det inneber at vi kan forvente oss at talet på infeksjonar kjem til å auke i vinter, seier Ben Murrell ved institutt for mikrobiologi, svulst- og cellebiologi ved Karolinska Institutet i ei pressemelding.

(NPK)

Powered by Labrador CMS