Stortinget vedtok i fjor haust å be regjeringa om å setje fart på straumsparing i private heim. Fire månader seinare har ingenting skjedd, og no ber opposisjonen om handling.
Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Opposisjonen på Stortinget etterlyser straumsparestøtteordning
Fire månader etter at Stortinget vedtok å gi hushalda meir støtte for å kutte straumforbruk, har ingen ting skjedde, skriv Aftenposten.
På hastemøtet i Stortinget i fjor haust stemde også Ap og Sp for at det hasta å setje fart på straumsparing i private heimar som eit sentralt tiltak i straumkrisa.
Opposisjonspartia på Stortinget reagerer. No krev representantane for Høgre, Venstre, KrF, SV, MDG, Raudt og Frp at regjeringa må levere – og det raskt.
– Regjeringa kan vurdere korleis dei vil implementere dette, men ikkje om dei skal følgje Stortingets vedtak, seier Bård Ludvig Thorheim (H):
– No gir vi dei ein marsjordre om å gjennomføre vedtaka Stortinget har fatta. Rapporten frå energikommisjonen er ein klar beskjed om at det ikkje går an å dryge lenger, seier Raudts Sofie Marhaug.
Ho meiner kriseforståinga enno ikkje har sokke inn hos regjeringspartia.
Både Thorheim og Marhaug forventar at ei ny støtteordning er på plass seinast til våren, og statssekretær Ragnhild Sjoner Syrstad (Ap) i Klima- og miljødepartementet lovar at regjeringa skal følgje opp vedtaket frå i fjor haust på ein god måte».
(NPK)