Straumprisane har auka dei siste åra, og fleire hushald har vorte opptekne av å halde følgje med straumprisar og straumbruk i heimen.
Straumprisane har auka dei siste åra, og fleire hushald har vorte opptekne av å halde følgje med straumprisar og straumbruk i heimen.

Oppvarming trekkjer mest straum heime

Dei varierande straumprisane har gjort kvardagen uføreseieleg for folk flest. No håpar Forbrukarrådet at noregspris vil gi oss ro til å fokusere på reell energisparing, men ein god straumavtale er framleis avgjerande.

Publisert Sist oppdatert
– Det har vore høge toppar og djupe dalar i Sør-Noreg. Fleire har truleg vorte lei av å følgje med på straumprisen, spare pengar og vere gode forbrukarar, seier Thomas Iversen i Forbrukarrådet til Nynorsk pressekontor.

Han trur at med innføringa av noregspris vil folk flest bruke meir straum, men håpet er at ein med roa som kjem av å ha føreseieleg straumpris, vil føre til at fleire brukar tida si på å gjere energieffektiviseringstiltak i heimen, i staden for å planleggje når dei skal lage middag og vaske kle etter når straumen er billegast.

– Vi kjem i alle fall til å følgje med over tid korleis noregspris endrar forbrukarvanane. Dei siste åra har utfordringane for straumtiltak mest handla om mangel på pengar. Med rentestiging har hushaldsøkonomien til folk blitt dårlegare, og ein har ikkje hatt pengar til store tiltak. Samtidig har fleire gjort mange digitale, smarte løysingar. Ikkje alle av dei er like effektive, seier Iversen.

Det største straumsluket

Først og fremst meiner Iversen at det er viktig for folk å sjå på straumavtalen sin. Noregspris åleine er ikkje alltid nok for å få lågare straumrekning.

– Om ein har ein dårleg straumavtale, blir det ikkje billegare med noregspris. Kraftleverandøren vil då ete opp det du skal få til overs etter å ha valt noregspris. Så sjekk straumavtalen din, og samanlikn med andre tilbod, er rådet frå Iversen.

Enova, som er eit statsføretak som arbeider for Noregs omstilling til lågutsleppssamfunnet, har fleire forslag til tiltak på kort sikt. Til dømes:

* Tidsstyring av varme

* Tunge gardiner framfor vindauga

* Ikkje koke opp meir vatn enn du treng til mat og drikke

* Fylle opp vaskemaskiner og oppvaskmaskiner

Men først og fremst handlar straumsparing om oppvarming, fortel Tor Brekke i Enova.

– Det største straumforbruket i norske heimar går til oppvarming. Difor er varmepumpe det mest lønnsame tiltaket å innføre, seier Brekke til Nynorsk pressekontor.

Brekke fortel at det har vore ein stor kunnskapsauke i den norske befolkninga om eige straumforbruk og varmetap.

Mange prioriterer feil

I 2022 og 2023 var straumprisane i taket i Sør-Noreg. Samtidig har det kome fleire informasjonstilbod og gode appar som gjer oss i stand til å følgje meir med på eigen energibruk og utviklinga av straumprisane. Men også det at fleire har bytt frå bensin- eller dieselbil til elbil har gjort at straummedvitet er blitt større blant folk no.

Likevel er det fleire som prioriterer feil når dei skal luke vekk kva som brukar mykje straum og ikkje i husværet.

– Det er til dømes mange som er flinke til å passe på lysbruken. Det er ikkje feil, og naturleg å gjere det, fordi lys er synleg og lett å skru av, men god styring av oppvarming er mykje viktigare. Skrur ein på varme, blir det først varmt i rommet lang tid etterpå. Difor må varme styrast på ein annan måte enn lys, gjerne med hjelp frå automatisk styring. LED-lys brukar svært liten energi i forhold til varme og varmvatn.

Fagsjef Thomas Iversen i Forbrukarrådet seier at vi kan sjå over våre eigne avtalar på Forbrukarrådets eigen prisportal, strompris.no. Om du bør velje noregspris eller ikkje, kan du sjekka på same stad, i deira noregspriskalkulator.

Powered by Labrador CMS