Illustrasjonsbilde.
Andreas Isaksen.
Over 650.000 bilar vart ikkje godkjende på EU-kontroll: Desse feila gjekk igjen
Statistikken omfattar alle lette kjøretøy – altså under 3.500 kilo – som har vore på EU-kontroll i 2022.
– Heile 26,2 prosent av manglane er knytt til bremsene i bilen. Døme på slike feil er for slitne bremseklossar og bremseskiver, rust på bremseskiver eller bremserøyr, eller for svak bremseeffekt. Det er viktig at slike feil blir avdekte og retta opp, seier Leif Magne Halvorsen i Statens vegvesen.
Delar i rørsle
Akslar, hjul, dekk og hjuloppheng hadde manglar på 25,8 prosent av dei kontrollerte bilane.
– Dette er delar som er i rørsle og som blir slitne på alle bilar. Ved å gjennomføre jamleg vedlikehald kan ein skifte ut delar fortløpande og slik unngå unødvendig stor slitasje før feila blir utbetra. Då kan ein unngå å køyre med alvorlege feil mellom kontrollane og samtidig unngå at bilen ikkje blir godkjend i EU-kontrollen, seier Halvorsen.
Sjekk lysa
104.000 bilar hadde feil på lysa.
– Eg tilrår at alle med jamne mellomrom kontrollerer enkle ting som at lysa fungerer, og til å ta ein ekstra sjekk av dette før ein skal ha bilen sin på EU-kontroll. Då slepp du kanskje ein etterkontroll viss bilen elles er i god stand, seier Leif Magne Halvorsen.
Lette kjøretøy må gjennomføre EU-kontroll annakvart år, første gong fire år etter førstegongsregistrering. For utrykkingskøyretøy og taxiar er kravet kontroll kvart år.