Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto.

– Prøvde Jahn Teigen å åtvare meg?

Det var ein laurdag morgon eg vakna av ein underleg draum. Eg var i full sving med vedlikehaldsarbeid på landstadsbåten til Jahn Teigen, då politiet plutseleg dukka opp og krav koronatest av samtlege i arbeidslaget.

Publisert Sist oppdatert

Overraskinga var sjølvsagt stor då det dukka opp haugevis av raude striper på det store test-arket. Positive koronatestar var tydelegvis kriminelt ved naustet til Jahn Teigen, for dei to politikonstablane tok meg strengt i armen og skulle til å vise meg vegen til politibilen. Då vakna eg brått.

Den sære draumen hang godt igjen i minnet, og eit generelt ubehag i kroppen meldte seg. Å drøyme om Jahn Teigen er på ingen måte unormalt for meg, men kvifor koronatest? Forsøkte Jahn Teigen å seie meg noko? Prøvde han å åtvare meg? Handla dette om båtpuss eller korona? Eg gjorde det ein kvar ville gjort, og tok umiddelbart ein hurtigtest. Eg rekna med at det var unødvendig, for sjuk var eg på ingen måte. I alle fall ikkje fysiologisk.

To strekar før minuttet var gått. To smårollingar som var lova ei innhaldsrik helg. To dagar før frua i huset skulle kome tilbake frå utanlandstur, og to timar som gjekk før hovudverket og feberen starta. Joda, koronaen visste å velge sitt tidspunkt. Helga gjekk sin gang, og mellom paracetknasking, hosting og ironisk nynning på låta ”Optimist”, kom måndagen som ei kjærleg velsigning. Eg tok med meg mykje god læring frå denne helga og veka som følgte, som at koronahoste og ryggprolaps er ein veldig uheldig kombo. Og dersom Jahn Teigen eller andre fordums storheiter ber meg om hjelp til båtstell i framtida, så er svaret nei.

Den siste veka har det skjedd litt av kvart ute i verda. Her er eit par av nyheitene eg la merke til i veka som gjekk:

* Det amerikanske paret Will og Grace Jones gjorde eit oppsiktsvekkande funn då dei opna ein vegg på badet i samband med oppussing. Inne i veggen låg nemleg to cheeseburgarar og pommes frites frå McDonald´s. Måltidet var etter emballasjen å døme frå omkring 1959, då huset blei bygd. Innpakninga bar preg av meir enn 60 år i ein vegg, men maten inni var heilt sikkert fullt etande, og paret pakka det fint i Tupperware for vidare oppbevaring.

* Nettavisen ryddar plass for vekas store gladnyheit, nemleg at Camilla Lorentzen har gifta seg! Dette er sjølvsagt svære greier, og etter å ha brukt litt tid på å finne ut kven Camilla Lorentzen er, sender eg mine varmaste gratulasjonar. Dette var stas.

* Denne veka har reaksjonar som sjokk og vantru hagla både i USA og resten av verda. Ein komplett mangel på respekt for alt som er hellig, og eit hån mot amerikansk historie, har enkelte amerikanske avisar skrive. Det er sjølvsagt Kim Kardashians val av kjole under Met-gallaen som skapar harmen, ein kjole som tidlegare var brukt av Marilyn Monroe. Nei, det spørs om verda nokon gong vil bli den same igjen.

* Ein russisk propagandakampanje frontar denne veka fleire avdøde svenskar som nazist-sympatisørar. Blant dei kjende svenskane er storheiter som Ingmar Bergmann og Astrid Lindgren. Eg har alltid synst det var noko som skurra med denne Pippi-jenta, som lokka med seg nabo-ungar med gullpengar som ”pappa” hadde levert til ho frå sine ”reiser” i utlandet. Sannheita kjem alltid for ein dag, og då hjelper det ikkje med gratis brus og ei tam ape. Eg vil også nemne norske Alf Prøysen og Anne Cath. Vestly i denne samanheng. Ingen er så joviale og koselege utan å ha baktankar.

* Fremskrittspartiets Erlend Wiborg har denne veka foreslått at afghanske flyktningar som søker asyl i Norge, skal bli sendt på direkten til Rwanda, der dei skal vere i påvente av behandlinga av asylsøknaden. Får dei ja, skal dei bli verande i Rwanda, meiner FrP-politikaren. Eg foreslår at også Wiborg sitt kontor blir med sørover.

Powered by Labrador CMS