For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

I 1996 var kalkulatoren eit sjølvsagt hjelpemiddel når ein gjorde heimeleksene i matematikk.
I 1996 var kalkulatoren eit sjølvsagt hjelpemiddel når ein gjorde heimeleksene i matematikk.

Rekna med kollaps for matematikken

Publisert Sist oppdatert

– Vi tillèt på ingen måte bruk av kalkulator i timane i grunnskulen. Vi tykkjer elevane må ha den vesle ekstratreninga det er å rekna ut i hovudet.

Det sa rektor Erling Guddal ved Flatbygdi barne- og ungdomsskule til Sogn Avis i 1978.

Kalkulatoren dukka opp tidleg i 1970-åra, og dei første kom frå Japan. Frå slutten av 70-åra og utover ser ein stadig at diskusjonen om kalkulatorbruk i skulen får plass i avisspaltene landet rundt. Erling Guddal var slett ikkje aleine om å vise skepsis til det nye hjelpemiddelet.

Debatt i fleire tiår

– Det ligg ein viss fare i at ein kan miste talfølelsen ved bruk av slike hjelpemiddel i matematiske fag, så eg er tilhengjar av gamlemåten» med bruk av blyant og kladdeark, sa rektor Rolf Norheim ved Åsnes VGS til avisa Glåmdalen i januar 1977.

Trass i skepsisen såg ikkje rektoren bort frå at kalkulatoren ville få ein breiare plass i undervisningssektoren over tid, noko han fekk heilt rett i.

Utover 80-talet gjekk diskusjonane om i kva grad kalkulatoren skulle ha ein plass i ungdomsskulen og i barneskulen, om ein skulle kunne bruke kalkulator på eksamen og om grafiske kalkulatorar kunne skape klasseskilnader på vidaregåande skule fordi den var så dyr. Med Reform 94 blussa debatten for alvor opp. Mange meinte at den nye undervisningsreforma var altfor liberal når det kom til bruk av kalkulator.

– Stor vekt på bruk av kalkulator og stor stoffmengde har gitt mindre tid til å drille på rekneferdigheiter, sa dåverande administrativ leiar for Institutt for matematikk og statistikk ved Universitetet i Tromsø, Anne Bruvold, til avisa Nordlys i år 2000 då dei første elevane som hadde vore forma av Reform 94 byrja å gjere sitt inntog på høgskular og universitet.

Ausa» ut kalkulatorar

Før kalkulatoren gjorde sitt inntog var reknestaven eit utbreidd hjelpemiddel i skulen. Reknestaven var ei mekanisk innretning for numeriske berekningar som måtte gi tapt for den meir moderne og brukarvennlege kalkulatoren. I 1990 hadde avisa Østlendingen ein reportasje om at reknestaven var blitt museumsgjenstand etter at kalkulatoren kom inn i undervisninga. Journalisten spør mellom anna ein bokhandeltilsett om korleis salet av kalkulatorar går:

– Vi nærmast auser» ut kalkulatorar, særleg om hausten når alle skuleelevane skal ha. Her er det ingen som spør etter reknestav eller kuleramme, sa Arild Halvorsen ved bokhandlaren Gravdahl på Hamar til Østlendingen den gong.

Journalisten spør også to elevar ved Blæstad i Vang om dei føretrekker kalkulator framfor reknestav.

– Reknestav?! Den har eg då ikkje ein gong høyrt om, svarer ein av elevane, Inger Strand.

Historia gjentek seg?

Den siste tida har tekstroboten ChatGPT fått mykje merksemd i media. ChatGPT brukar kunstig intelligens til å generere tekst om det brukarane ber han om. Han kan også skrive datakode, noko som gjer terskelen lågare for den som treng hjelp til programmering.

– Teksten som blir skriven er så bra at det er nærmast umogleg å vite om det er ei datamaskin eller ein person. Så han er veldig flink til å skrive prosa eller rein skjønnlitteratur, men han klarer ikkje å faktasjekke det han skriv, sa teknologisjef Erling Schackt i selskapet Check Point Research til NTB tidlegare i januar.

Utdanningssektoren har uttrykt usikkerheit rundt følgjene den nye tekstroboten vil ha i skulen. Lektorlaget har mellom anna sendt eit brev til kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) kor dei ber om at det må komme klare føringar for korleis lærarane skal stelle seg til ChatGPT.

Så står det att å sjå om ChatGPT blir like formande for norskfaget som kalkulatoren blei for matematikken.

Powered by Labrador CMS