Nybygde bustadhus i Wergelandsveien brukt som sjukehus.
Nybygde bustadhus i Wergelandsveien brukt som sjukehus.

Sauda 1917-1926: Sjukehuset i Wergelandsvegen

Sauda hadde eit sjukehus frå 1917 til 1999 og mange menneske har sett spor etter seg der, både som pasientar og tilsette gjennom alle desse åra. Det er på tide å skriva historia.

Publisert Sist oppdatert

13. mars 1917 starta eit provisorisk sjukehus opp drift i to nybygde bustadhus i Wergelandsveien. Ein lege, to sjukepleiarar og to piker» sto der med tomme hender og tomme hus. Men snart fekk dei tak i alt dei trong for å drifta eit sjukehus og det første året var 60 pasientar innlagt. Diagnosane varierte frå alvorleg sjukdom som spanskesjuka, tuberkulose og infeksjonar, til skader etter dramatiske ulukker med sprengstoff, straum, brann, fall eller drukning. Dei fleste pasientane var unge, mellom 20 og 40 år, og det same var personalet. Kven var så desse menneska som tok på seg den krevjande jobben å behandla og pleia hardt skadde og alvorleg sjuke unge menneske? Og kven var dei seksti pasientane som blei lagt inn på sjukehuset dei ni første åra fram til nytt sjukehus opna i 1926?

I Sauda har me hatt sjukehus sidan 1917. På det bygget me kallar sjukehuset i dag står årstalet 1926, og det stemmer at det blei ferdig bygd og tatt i bruk det året. Men då hadde bygda allereie hatt eit midlertidig sjukehus i ni år. Det første kapittelet i boka handlar om desse første åra.

Det gjekk ingen veg ut frå Sauda i 1917 og all transport måtte gå med båt ut fjorden viss ein ikkje brukte hest og gjekk over fjella. Det einaste helsepersonellet som fans i bygda var ei jordmor. Lege var det på Sand og sjukehus i Stavanger, men på grunn av den lange reisa var det sjeldan brukt. Det fans nokre svingete og sølete kjerrevegar, men vatn, straum og telefon fans ikkje. Dei hygieniske tilhøva var slette og mange var redde for å vaska seg for mykje eller å lufta. Mest ingen hadde bad eller innlagt vatn. Søppelet heiv dei i elva og slaktarane i sentrum slengde slakteavfallet rett utføre husa. Lukta og synet av søppelhaugar gjorde at ein eigen desinfektør blei tilsett, men det tok lang tid før tilhøva betra seg. Ute i verda herja første verdskrigen og i Russland var det revolusjon. Dyrtida førte til ein stor auke i prisen på varer her heime.

Med dette historiske bakteppet var det at EFP og Saudefaldene var i gang med å byggja fabrikk og temja dei ville fossane i fjella. Det ga arbeidsplassar og etterkvart kom det folk flyttande til bygda frå inn- og utland for å få seg jobb. Det blei trongt om plassen i dei få husa som var og utbygginga av Åbøbyen starta opp. Konsesjonskrava som blei sett til selskapa innebar at dei skulle tilsetta lege, samt byggja og driva eit sjukehus. Dette kunne ikkje skje over natta og derfor blei to heilt nybygde hus i Wergelandsveien 61-63 og 65-67 tatt i bruk midlertidig som sjukehus og bustad for dei tilsette.

Kirurgen Johan Trumpy kom til bygda hausten 1916 i lag med kona Hildeborg, og starta straks opp arbeidet med å få sjukehuset i drift. Ikkje lenge etter kom også sjukepleiar Anna Finseth frå Sørreisa i Troms. I samarbeid med EFP skaffa dei alt utstyret som skulle til for å starta opp drifta. Inventar, arbeids- og pasientklede, kirurgiske instrument, utstyr til kjøkken samt avtalar om leveransar av alt frå brød og mjølk til kjøt, fisk og poteter. Men den første tida var det verken innlagt straum eller vatn, så korleis kunne ein då driva eit sjukehus?

Søster Anna og dr. Trumpy var på plass då den første pasienten kom inn sjukehusdørene 13. mars 1917. Du vil kanskje bli overraska over kva diagnose han fekk den unge mannen. Symptoma var umiskjennelege og sjukdommen var ganske utbreidd, særleg i bymessige strøk og i bygder med stor tilflytting, der mange budde på brakker og der sjøfolk gjekk i land. Dr. Trumpy hadde mange pasientar med denne skammelege sjukdommen, og gjorde ein stor innsats for å få bukt med den. Du har sikkert forstått at det var syfilis den unge mannen hadde fått.

Den typiske pasienten var ein ung, ugift mann som nyleg hadde komme til Sauda for å få seg arbeid. Saudabuar flest blei sjuke og låg heime. Berre eit barn blei født på sjukehuset det første året og ingen blei innlagt for å døy der. Det hende likevel at pasientar døydde der på grunn av sjukdommen eller skaden dei blei innlagt med.

Mange av pasientane hadde infeksjonssjukdommar som blindtarmbetennelse og lungebetennelse. Infeksjonane tok livet av mange og det var lenge til penicillinet skulle bli oppdaga. Sjøfolka som kom med skip frå Afrika hadde med seg meir enn malm i lasterommet og kvart år blei nokre av dei innlagt på sjukehuset med malaria t.d.

I 1918 ramma spanskesjuka Sauda hardt og tok livet av mange både på gardane og på brakkene i fjellet. I 1923 kom også den alvorlege lungebetennelsen som førte til døden på nokre få dagar og tuberkulosen som pinte folk i månader og år før den siste timen kom. Pasientane hadde altså mange ulike diagnosar, mange av dei smittsame. Korleis klarte personalet å handtera dette på nokre få rom i eit vanleg bustadhus?

Mest av alt dreier handlinga seg rundt pasientane og dei tilsette og korleis dei hadde det. Kven var dei? Kor kom dei frå? Kva for hjelp og behandling fekk dei på sjukehuset? Historisk sett har dreiepunktet kvilt i overlegen og behandlinga, men eg vil også trekkja fram dei mange kvinnene som var tilsett og den jobben dei gjorde. Eg har vore heldig og funne mange gode kjelder, men det har vore eit detektivarbeid å finna informasjon om kvinnene. Handlinga er forsøkt plassert i ei historisk ramme både med omsyn til framveksten av helsevesenet og samfunnsutviklinga i Sauda. Tida vil visa om eg klarte det.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS