VIL FORHANDLA: Sjølv om kommunalsjef helse og omsorg Aina Olene Tveit har sagt opp avtalen med Suldal kommune som gir hylsfjordingane tenester ved Helsesenteret i Sauda, er ho open for diskusjonar med nabokommunen om korleis dette tilbodet kan førast vidare etter 1. januar 2016. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)
Seier opp helseavtale
Sidan 2010 har Suldal kjøpt helsestasjonstenester av Sauda for sine innbyggarar i Hylsfjorden. No har Sauda sagt opp denne avtalen frå komande årsskifte.