I hagen til Anne Marit Skovly på Hvaler, blant blomsterbed, geodomar og kjøkkenhagar, bur elleve høner og ein hane. Her tek ho i mot besøkande og sel egg, urter og blomar. I det siste har ho opplevd at fleire gjestar viser interesse for hønene hennar.
Skovly trur ikkje det er så mykje som skal til for å både trivast med høner i eigen hage, uansett kva forkunnskapar ein har.
– Eg er litt opptatt av å stresse litt ned det med at ein ikkje har så mykje kunnskap. Viss du klarar å observere og sørgje for det grunnleggjande, reint vatn, nok mat og ein beskytta stad å vere, så er du godt i gang, seier Skovly.
Bli kjend med hønene
Så lenge ein føler på eit visst ansvar overfor hønene sine, trur ho dei fleste kan lykkast med høns i eigen hage. For dei som lurer på å teste det ut, anbefaler Skovly å prøve.
– Det er mykje mindre arbeid enn du kanskje hadde trudd. Du må vere klar til å sjå etter dei kvar dag og passe på at dei har det bra. Om dei vert sjuke, må du vere førebudd på å måtte avlive, så det må ein jo vere komfortabel med. Elles fiksar hønene det meste sjølve.
Eitt av dei fremste tipsa ho har til dei som vurderer å skaffe seg høner eller nett har gjort det, er å setje seg ned og bli kjend med dei.
– Set deg ned på ein stol for å observere. Når høner bur trongt, er dei ikkje fornøgde og vert aggressive og hakkar på kvarandre. Om du observerer flokken så ser du fort om alle har plass og har det bra saman, eller om dei er veldig hissige. Bli kjend med hønene dine. Korleis er rangordenen, kva mat likar dei og kva er det som skal til for at hønene trivst. Prøv å ikkje stresse eller å vere best i klassen.
Oppskrifta på trivsel
Skovly har lenge vore interessert i hagebruk og dyrking. Det starta då ho pliktoppfyllande tok i mot ein parsellhage til eiga dyrking svigermora ville gi henne. Etter kvart vaks interessa og den vesle parsellhagen utvida seg til hundrevis av plantar og vekstar og ein kjøkkenhage.
Og med urter og grønsaker veksande i hagen, vart det også naturleg å invitere høner inn.
– Då eg hadde halde på ei stund, forstod eg at høner passar inn i det økologiske krinsløpet i hagen. Om du skal ha eit hagebruk som er økologisk fullkomme, må du ha høner – og gjerne bier også. Og så er hønene heilt fantastiske, for dei er jo så trivelege, smiler Skovly.
I tillegg til å vere trivselsbringande, er det også fleire fordelar med høner tett på.
– Når vi ser at hønene har det godt, så det har ein verdi i seg sjølv. Når det gjeld nytteaspektet så får vi gitt hønene litt middagsrestar og ting vi har til overs, og så kan vi få egg tilbake, og, ikkje minst, gjødsel til resten av hagen. Kva er det å ikkje like med høner? spør Skovly.
Sjølv om hønene bidreg til trivsel i hagen, er ikkje Skovly av dei som gir namn til hønene sine. Ho ser ikkje på dei som kjæledyr, men ein naturleg del av hagen.
I tillegg til dei 12 hønsa, har ho også eit par ender vraltande rundt i hagen. Endene går som regel godt saman med resten av hønene, men har ein tendens til å lage mykje leven om han vert sleppt inn i hønsegarden. For det meste held Skovly endene og hønene skilde frå kvarandre, men elles lét ho det meste i hagen få ordne seg sjølv.
Auka interesse
Lokale foreiningar for hønsehald og fjørfe merkar også den auka interessa for hønsehobbyen.
–Dei siste åra har fleire og fleire kome til oss med spørsmål om hønsehald. Det har blitt mykje meir populært, men også meir akseptert med høner i nabolaget enn tidlegare, seier Frederik Justesen, leiar for Vestland Fjørfeklubb.
Han trur freistnaden til å ha eigne høner heng saman med eit auka engasjement for både hagebruk og sjølvdyrking.
–Eg trur det har litt å gjere med at folk har begynt å ha litt interesse for hage og sjølvforsyning og då inngår høns ganske naturleg i det.
Han peikar på fleire fordelar med høns og andre fuglar frittgåande i hagen.
Til liks med Skovly, vil ikkje Justesen gjere hønsehald i eigen hage vanskelegare enn det er og trur dei fleste kan lykkast med litt førebuingar.
– Det er eigentleg ein veldig enkel hobby. Så lenge du har ein tørr og trekkfri stad for hønene å gå inn og at dei er sikra mot rovdyr, så er det svært enkelt å halde høns i eigen hage, seier Justesen.
Fargerike fjør
Kor mange ulike hønserasar som finst, har ikkje Justesen oversikt over, men han kan stadfeste at det finst svært mange. Innanfor kvar rase, er det også ulike fargeutgåver. Nokre har tjukk fjørdrakt, andre er meir tynnkledde. Nokre har toppfjører på hovudet, andre har fjørdekte føter. Norske jærhøns er den einaste rasen vi framleis har som opphavleg kjem frå Noreg.
I oktober arrangerer Vestland fjørfeklubb landsutstilling i Bergen. Her konkurrerer hønsehaldarar frå heile landet med reinrasa høner og andre fjørfe dei har avla fram. Slike utstillingar er med på å fremje reinrasa avl, noko som er svært viktig, ifølgje Justesen.
– Dei forskjellige rasane har ulike eigenskapar og då er det om å gjere å bevare dei. Det er mange forskjellige rasar og dei må vi prøve å halde på, for viss du berre blandar dei saman, så mistar vi mangfaldet. Men held du høns i eigen hage, så kan jo det vere kjempekjekt å blande rasane og sjå resultatet, seier han.
Vidare kan han fortelje at kva rase som er mest populær, varierer veldig.
– No er det veldig populært for dei som er nye til hønsehald å ha høner som gir egg med forskjellige fargar. Elles er det nok mange som startar med hybridrasar eller ein rase som er avla fram for å kunne legge mange egg, som Lohmann-høner eller Isa brun, opplyser Justesen.
Då Skovly først skaffa seg høner nokre år tilbake, var det først og fremst for å få egg. Nokre høner er kjende for å gi meir egg enn andre, og i starten fall difor valet på brune Lohmann-høner. Dette er ein rase som legg nesten eit egg om dagen.
I løpet av åra har Skovly fått erfaring med fleire forskjellige rasar. No er det rasane Australorps og Dvergkochin som held til i hønsegarden, og Skovly kan fortelje at ho får meir enn nok egg frå desse også. Ho er opptatt av å legge best mogleg til rette for at naturen kan få gå sin vande gang utan for mange inngrep.
–Eg tenker at så lenge høna trivst, så legg ho så mange egg som er naturleg for seg. Om dei får optimale forhold og får halde seg så friske som mogleg, legg dei fleste rasar egg når det er tid for det.
– Verdsmeistrar i nabokranglar
Vi har alle høyrd, og kanskje til og med blitt vekte hakket for tidleg av kakkel og gal frå dei fjørkledde. Så korleis går eigentleg høner og naboar i hop?
Rådet frå Justesen er at om du bur i eit tett nabolag, kan det vere ein fordel å ha ein god tone med naboen.
– Det er ein fordel om du har eit isolert hønsehus, for då held du dei inne om natta og reduserer uønskt støy frå hønene. God dialog med naboane er ofte veldig greitt. Og så er det jo kanskje vanskelegare for ein nabo å klage om dei får litt egg inn i mellom, seier Justesen.
Å halde seg inne med naboane, er eit tips Skovly også kan skrive under på. Ho har fått nokre klagar etter at hønene kom til hagen, men litt kakling må tolk tole, meiner ho.
– Det handlar om å venne seg til lydane som høyrer til i naturen. Ein kjem langt med vennlegheit og ved å prate med dei som synest det er vanskeleg. Å halde seg inne med naboen er ho uansett veldig lurt. Vi er jo verdsmeistrar i nabokranglar her i Noreg, men forsøk å ha ein open dialog, vere open, lytte og ta det folk seier på alvor.