Sp-ordførarkandidat Asbjørn Birkeland (i midten) i samtale med Ap-representantar. Høgreordførarkandidat Paul Løyning er ivrig tilhøyrar.
Ingvil Bakka
Sp: – Det blir forhandlingar i kveld, men me stresser ikkje
100 prosent av stemmene er talt opp i kommunestyrevalet i Sauda 2023. Sp, Ap og H enda opp med fem representantar i kommunestyret kvar. To av partia kan danne fleirtal saman aleine. Men kven av dei to partia vil inngå samarbeid?
– Det blir forhandlingar i kveld, men me stresser ikkje, seier Asbjørn Birkeland.
Også dagens gruppeleiar i Senterpartiet, Morten Maldal, er usikker på om det blir ei løysing i kveld.
– Det er slett ikkje sikkert det blir ei avklaring i kveld/natt, seier Morten Maldal like etter at det endelege valresultatet var klart.
| Parti |
Val 2019 |
Mandat 2019 |
Val 2023 |
Mandat 2023 |
| Raudt |
– |
– |
8,4 % |
2 |
| SV |
5,8 % |
1 |
4,9 % |
1 |
| Ap |
20,0 % |
4 |
26,3 % |
5 |
| Sp |
53,6 % |
11 |
28,8 % |
5 |
| KrF |
4,2 % |
1 |
5,7 % |
1 |
| Høgre |
10,8 % |
2 |
26,0 % |
5 |
100 prosent av stemmene i kommunestyrevalet 2023 i Sauda er talt opp i denne tabellen. Også FrP (3,1 %) og Venstre (2,5 %) stilte lister i Sauda i 2019, men kom ikkje inn i kommunestyret.