Inkassoselskapet Intrum har sett ein kraftig auke i bilinkasso. Dei varslar at situasjonen vil bli forverra med dyrtida. Illustrasjonsfoto.
Fredrik Hagen / NTB / NPK
Stadig fleire slit med å betale på billånet
– Så langt har vi sett at inflasjonen har sett sine spor hos nordmenn med låg inntekt og tilhøyrande lite tilgang til kreditt, men no aukar betalingsproblema hos andre grupper, seier sjefanalytikar Morten Trasti i Intrum i ei pressemelding. Intrum er Skandinavias største inkassoselskap.
– Årsaka til at vi først no ser at misleghaldet på billån stig, er at mange nordmenn bygde opp ein solid sparebuffer under pandemien, seier han vidare.
Dei som kjøpte bil med låg rente eller inngjekk rimelege leasingavtalar under pandemien, vil no sjå at kostnader aukar vesentleg, åtvarar Trasti.
I perioden frå november 2022 til januar 2023 registrerer selskapet ein femdel fleire inkassosaker samanlikna med same periode året før.
Trasti seier dette er det første sjukdomsteiknet i privatøkonomien til folk flest. Selskapet fryktar at utviklinga kjem til å fortsetje fordi det er venta at rentene kjem til å halde fram med å vere høge eller auke endå meir.