Stormen "Dave" er venta å bli svært kraftig, og kommunen ber folk vere varsame. Bildet er frå eit tidlegare uvêr.

Stormen «Dave» er på veg: – Utsett heimturen 

Kommunen har to beskjedar i samband med at stormen «Dave» er venta å treffe med stor styrke søndag.

Publisert Sist oppdatert

Stormen «Dave» er på veg og er venta å treffe kysten med full styrke søndag. Medan dei kystnære stroka av Vestlandet er omfatta av raudt farevarsel, er Sauda noko meir skjerma, og er omfatta av oransje farevarsel for både vindkast og snøskred.

 Beredskapskoordinator i Sauda kommune, Harald Eikrem, opplyser overfor Ryfylke at det er to beskjedar han ønsker å få formidla både til fastbuande saudabuar og til turistar og besøkande i Sauda.

– Den første beskjeden gjeld straum. På kysten er det meldt at det er forventa straumbrot. Det er ein veldig kraftig storm, og det kan hende at straumledningar blir øydelagt. Hvis ein kjem over ledningar som er rive ned av stormen, ikkje rør dei. Dei kan vere straumførande. Varsle Fagne eller politiet, og hald avstand, seier han.

Langs kysten er det venta vindkast opp i orkan styrke søndag, men i Sauda vil den kraftigaste vinden, som er meldt opp i 30-40 sekundmeter, kome på ettermiddagen.

– Vår andre oppmoding, er at alle som har mulegheit til å utsette heimreisa frå påskeferien i Sauda, gjer det. Det er fare for plutseleg stengte vegar søndag, og om ein har mulegheit til å vente til måndag, bør ein gjere det, seier han.

Powered by Labrador CMS