For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Å melde flytting til hytta kun for å få straumstøtte kan bli sett på som ei fiktiv flyttemelding.
Å melde flytting til hytta kun for å få straumstøtte kan bli sett på som ei fiktiv flyttemelding.

Styresmaktene åtvarar mot hytteflytting for å få straumstøtte

Publisert Sist oppdatert

Skatteetaten har ansvar for bustadregistrering i Folkeregisteret og for skattlegginga.

– Folkeregisterlova seier at du skal vere registrert der du oppheld deg mest, og det er dette vi tek omsyn til når vi vurderer flyttesøknadene, seier direktør Elin Imsland i Folkeregisteret.

Det vil seie at dersom du sender inn ei flyttemelding til ein stad der du ikkje har den regelmessige døgnkvila di, så blir meldinga rekna som fiktiv og bryt med forskrifta.

Viktig for kommunen

Imsland peikar på at riktig folkeregistrert adresse er spesielt viktig for kommunane. Dei bruker den folkeregistrerte adressa for å vite kven som har krav på tenestene i kommunen og til samfunnsplanlegging.

Hytteflyttinga får også konsekvensar for skattlegging. Når du melder flytting til hytta vil kommunen hytta ligg i etter kvart vere den som får delar av inntektsskatten din.

I tillegg er det slik at bustaden der du er folkeregistrert og bur i vil bli rekna som primærbustaden din. Det vil seie at den tidlegare primærbustaden din, vil bli rekna som sekundærbustad.

Vidare kan det bety høgare formuesskatt og innverke på bustadsal eller utleige.

Vurdert lenge

Kommunedirektør Jan Sævig i hyttekommunen Trysil seier til VG at nokre hytteeigarar lenge har tenkt på å melde flytting. Straumprisen utløyste det, medan andre gjer det for å klare straumrekninga.

Frå 2014 til i fjor hadde kommunen 31 hytter med bruksendring til primærbustad. Så langt i år har dei fått 25 søknader – 20 av dei har komme etter 1. august.

Straumstøtteordninga til regjeringa dekkjer ein stor del av straumrekninga når prisen er over 70 øre per kilowattime. Men støtta er berre retta mot hushald, og ikkje fritidsbustader.

(NPK)

Powered by Labrador CMS