Ny teknologi skal bidra til ei meir automatisert vinterdrift på vegane.
Mesta / NPK
Testar ny metode som skal effektivisere brøyting og redusere salt på vegane
Riksvegane i Salten i Nordland og Sunnfjord i Vestland er valt ut som testområde for ny teknologi som skal betre vinterdrifta.
– Målet er å utvikle metodar som sikrar betre og meir føreseieleg framkomme og trafikktryggleik, samtidig som vi reduserer klimautslepp og kostnader i drifta av vintervegane, seier Bjørn Laksforsmo, som er direktør for Drift og vedlikehald i Statens vegvesen i ei pressemelding.
Ved hjelp av lasermålarar og avansert biletbehandling kan saltbilane analysere føreforholda rett framfor bilen medan han køyrer, og tilpasse saltmengda automatisk. Meir omfattande bruk av vêr- og føredata gir også entreprenøren eit betre grunnlag for å ta avgjerder om den løpande drifta, til dømes om når og korleis det skal saltast og korleis mannskap og utstyr skal disponerast.
– Det er første gong i verda at denne teknologien blir teken i bruk i vinterdrifta. Smart vinterdrift med teknologi som dette kan gi store gevinstar for både miljø og klima når salt og vinterdriftskøyretøy blir brukt på ein meir effektiv måte, samtidig som ein oppnår ein høg trafikktryggleik for alle som ferdast på vintervegane, seier Ketil Dahl, leiar for marknad og forretningsutvikling i Mesta.
Mesta har ansvaret for drifta av riksvegane i dei to testområda, og Statens vegvesen gir økonomisk støtte til prøveprosjekta med tanke på å utvikle løysingar til praktisk bruk. Testperioden vil gå over dei tre neste vintersesongane.
Testresultat frå Sverige tyder på at saltmengdene kan reduserast med mellom 20 og 30 prosent.
(NPK)