Tinghaug og framtida
Tinghaugs Venner ønsker fleire medlemmer.
For å sikre framtida til Tinghaug har me valt å omorganisere interessene rundt Tinghaug. Me vil prøve å bygge opp ein medlemsorganisasjon som skal drive og utvikle Tinghaug for framtida, og det er valt eit styre til å stå for dette. Alle som støttar tanken om å ta vare på Tinghaug som eit minne om kunstnaren Samuel Tveit og familien hans, er inviterte til å bli medlemmer.
Me ser for oss å ta vare på Tinghaug gjennom bruk. Bruk og bevar». Det er derfor viktig at flest mogeleg interesser kan bruke og bli engasjert i Tinghaug.
Huset og området rundt er rusta opp og blir leigd ut til mindre arrangement og møte og dannar også ei flott ramme rundt den populære søndagskafeen Annas Kafe som i sommarmånadene tilbyr flotte kaker til kaffien.
Men Tinghaug har potensiale til å bli noko meir enn det. Me ser for oss at staden kan bli eit positivt element for heile saudasamfunnet på mange måtar og uteområdet kan utviklast meir parkmessig og bli eit endå finare element i det flotte fritidsområdet rundt Rødstjørna. Det finst mange bruks-og aktivitetsområde som kan vere med å sikre framtida for Tinghaug, Me mottar gjerne innspel.
Medlemskap i Tinghaugs Venner krev ikkje noko meir av deg enn at du støttar arbeidet med Tinghaug ved å betale medlemsavgift. Vil du vere meir aktiv kan du delta på årsmøtet, bli medlem av styret, komme med forslag og innspel og delta i aktiviteter og dugnader. Medlemmer får også leige huset til redusert pris. Medlemspengar som er betalt i 2022, gjeld også for 2023.
Er du databrukar (har mobiltelefon eller datamaskin), kan du knyte deg til sida Tinghaugs Venner på Facebook. Der kan du følgje med i det som skjer i laget. Du kan også sjøl skrive innlegg og kommentarar.
Vel møtt som medlem.
Styret v/ Johannes Bakka