Utdanningsdirektoratet vil skjerpe inn på mobilbruken ved norske skular. Illustrasjonsfoto.
Utdanningsdirektoratet vil skjerpe inn på mobilbruken ved norske skular. Illustrasjonsfoto.

Utdannings-direktoratet tilrår at mobiltelefonen skal ut av alle klasserom

Mobiltelefonen må ut av klasseromma på både grunnskulen og vidaregåande, tilrår Utdanningsdirektoratet.

Publisert Sist oppdatert

Direktoratet meiner at også friminutta bør vere mobilfrie på både barne- og ungdomsskulen.

– Eg er heilt samd i tilrådinga frå direktoratet. Mobiltelefonen har ingen naturleg plass i norsk skulekvardag. Eg er trygg på at norske kommunar og fylkeskommunar følgjer nasjonale faglege tilrådingar, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

Kort tid etter at ho tiltredde som statsråd, bad Nordtun direktoratet komme med ei tilråding og rettleier om korleis skulane kan regulere mobilbruken til elevane.

Tilrådinga og rettleiaren som no er på plass, skal hjelpe kommunane, fylkeskommunane og skulane å lage reglar for elevane sine. Reglar for mobiltelefonbruken til elevane skal vere ein del av ordensreglementet lokalt og fastsetjast i lokal forskrift.

– Sjølv om fleire skular allereie har vorte mobilfrie, er det mange rektorar, lærarar og foreldre som har ønskt seg tydelegare forventningar og hjelp til å regulere mobilbruk i skulen. No har dei fått tydelege tilrådingar og klar rettleiing til å gjere vedtak om mobilfrie skular, seier Nordtun.

Statsråden peikar på at mobilbruk på skulen kan få negative konsekvensar for barns læring. Ho viser til at resultata frå undersøkingane PISA, PIRLS og Elevundersøkelsen tyder på at mange skular har utfordringar med læringsresultat, lesing, konsentrasjon i klasserommet og fallande motivasjon.

– Forskinga viser at tilgang på mobilar for mange fører til dårlegare konsentrasjon og læring, og bidreg til dårlegare skulemiljø. For mange piler peikar i feil retning i skulen. Mobiltelefonen må ta sin del av skulda for den negative utviklinga i læringsresultata til elevane, men er berre eitt av fleire grep som må gjerast i norsk skule, seier Nordtun.

@NPK

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS