COLOURBOX12332313

Veka som gjekk (i fruktdisken)

Eg hadde i det lengste håpa at dette ikkje ville bli nødvendig, men etter ei rekke skuffelsar og urovekkande observasjonar den siste tida, ser eg meg nøydd til å ta ein systematisk gjennomgang.

Publisert Sist oppdatert

Eg beklager, men nyheitene frå veka som gjekk er denne gongen nøydd til å vike for viktigare ting, nemleg ei oppsummering dei uskrivne reglane som dei fleste av oss følger av omsyn til omverda. Eg snakkar sjølvsagt om frukt og grønt-avdelinga på butikken. Vi må få ein del ting på det reine, så eg tar like godt dette i tur og orden.

Avocado er kanskje den skumlaste av varene i denne avdelinga, så det er naturleg å starte med den. Avocado er dyrt, og ein vil gjerne unngå bomkjøp. Då tenker ein gjerne at det er greitt å trykke tommelen inn i desse, og gjerne forsøke åtte-ti stykk før ein bestemmer seg? Nei. Har du klemt på den, er den din. Det er ingen veg tilbake. Plukk heller ut avocado som er litt grøn, og la han modnast ferdig heime.

Eple og pærer skal kun plukkast etter ein visuell inspeksjon. Dei skal ikkje løftast opp, for då har du forplikta deg. Er du uheldig og plukker eit eple som har ein flekk på sida som låg nedover, er det eit tap som du må ta høgde for. Frukt og grønt er eit sjansespel, og idet eit eple eller ei pære er i handa di, er angrefristen utløpt.

Blant grønsakene er det stort sett meir liberale kjørereglar som gjeld. Både kål, poteter, løk og kålrot i lausvekt er fritatt for restriksjonar, og kan takast på med godt samvit. Gulrøter, blomkål og broccoli er som regel pakka i plast, så desse kan ein også løfte opp og sjå på utan å støyte nokon. Sjampinjong ligg derimot ubeskytta, og du må derfor basere vala du tar på soppens visuelle inntrykk.

Bananar er presentert i klasar på butikken. Det er lov å dele klasar i singelbananar, men også her meiner eg det er visse køyrereglar som gjeld. Klasar på fem eller fleire er vanleg innkjøpsmengde for dei fleste, så det er ikkje innafor å dele desse klasane i toarklasar eller trearklasar. Det er heller ikkje greitt å fjerne éin banan frå ein klase på fire eller fem, og la den single bananen ligge igjen. Skal du ha ein singelbanan, splittar du ein toarklase eller ein klase på seks eller sju, slik at ein normal klase ligg att i hylla. Dette kan umuleg vere for innvikla for nokon.

Druer blir som regel selt i beger. Desse er gjennomsiktige, slik at du kan snu dei opp ned for å inspisere. Dermed er grafsing og klemming både hensiktslaust og ugreitt. Også nektarinar blir selt i beger, men desse er det mange som misforstår reglane rundt. Sjølv om nektarinane har eit nett rundt seg, betyr det ikkje at det er fritt fram å trykke og klemme etter eige forgodtbefinnande. Ein må altså vurdere denne frukta utelukkande etter fargen.

Appelsinar og klementinar er lettare å forholde seg til. Dei er enkle å plukke ut, sidan eventuelle feil er lette å få auge på. Dei har også så tjukt skal at det er innafor å løfte dei opp og sjå nærare på dei. Agurk og squash kan også løftast opp og inspiserast på nært hald, men husk at om du bruker meir enn et par sekund på dette, kan det lett sjå suspekt ut.

Handling av jordbær og andre bær er tillitsbasert, og det er ikkje anledning til å endre den førehandsdefinerte mengda i korgene. Å flytte store, fine jordbær frå ei korg til si eiga er noko av det mest usympatiske ein kan gjere, og slik mangel på sosiale antenner burde medføre to døgn i gapestokk på parkeringsplassen utanfor butikken. Minst.

Powered by Labrador CMS