Veka som gjekk (utanfor Sandeid)
Eg er heilt sikkert ikkje åleine om å kjenne eit par av desse menneska som trur dei kjenner sanninga om koronapandemien, om vaksineringa, om maktelitens store plan om verdsherredøme. Om kor ille det vil gå for oss andre som lar oss strigle og underkastast dei onde styresmaktene, dei som ikkje har andre mål enn å halde oss redde og lydige.
Dei seier ofte at vi andre, vi som blindt stoler på styresmaktene, som er dumme nok til å ta vaksine, ikkje er i stand til å sjå verkelegheita som ligg så tydeleg føre oss. Ei verkelegheit som er godt ”dokumentert” på ulike nettstader der forsking og statistikk er tull og tøys og ein kvar skummel teori blir applaudert og delt flittig som ”sanninga dei høge herrar ikkje vil at du skal vite om”.
Dei er aktive på Facebook, men deler helst innlegg som andre har skrive. Å sjekke kjelder eller vere kritisk er for tidkrevande, og så lenge ”sanninga” får kome fram er jo alt okei. Innlegga dei deler handlar som regel om kor lettlurte vi andre er, og kor urimeleg all kritikk av deira eiga verkelegheitsoppfatting er. Nokre av innlegga trekk samanlikningar mellom koronavaksinering og oppblomstringa av nazismen. Nedkjemping av virus er i prinsippet det same som etnisk forfølging og massedrap. Rimeleg? Ja, dei meiner det.
Er koronapandemien ikkje ein verkeleg pandemi, men ein del av ein storslått plan for å skape eit totalitært slavesamfunn? Heilt klart. Har Bill Gates utvikla magiske sprøyter som injiserer sporingsbrikkar inn i oss, kamuflert som koronavaksinar? Jepp, kvifor ikkje? Det passer bra det, og det var sikkert han som øydela for Trump også.
Kvifor skal ein sette seg inn i vanskeleg teori frå helsedirektorat, helseorganisasjonar og forskarar, når Kari Jaquesson og Charter-Svein kan opplyse oss på ein forståeleg måte, på eit språk vi forstår?
Konspirasjonsteoretikarane lener seg tilbake og smiler oppgitt over oss andre. Over oss som bare følger flokken, som ikkje evnar å tenke sjølv. Frå min tildelte plass i saueflokken, vil eg gjerne seie noko: Det er ein grunn til at saueflokken består av folk flest, nemleg at folk flest framleis har vettet i behald. Men for all del, ikkje høyr på meg. Media er jo trass alt ein viktig brikke i den store planen.
Frå skumle teoriar til meir trivielle saker. Her er eit par nyheiter eg la merke til denne veka:
* Hollywoodbjørnen Bart the bear II er død, melder Hollywood Reporter. Bjørnen er blant anna kjend frå filmen Dr. Doolittle og serien Game of Thrones. Avisa skriv ikkje noko om det vil bli halde gudsteneste eller bjørneteneste i samband med bortgangen, men Bart the bear sette utvilsamt djupe spor etter seg.
* Sylvi Listhaug går denne veka hardt ut mot den norske kyrkja, som har vedtatt å støtte ein stans i framtidig oljeleiting på norsk sokkel. Listhaug meiner kyrkja bør halde seg borte frå politiske saker, og seier ho frykter at kyrkja vil støyte ifrå seg ein stor del av sine medlemmer på denne måten. Det er nok ei problemstilling ho kan relatere seg til.
* Overskrifta ”11 fordeler med å være småbarnsforeldre” står å lese på nettstaden Klikk.no denne veka. Eg må sjekke kva slags punkt eg openbart har gløymt, og les artikkelen. Fordel nummer to er ”Tidlege morgonar”. Ja, dei skriv at dette er ein fordel, fordi du då får ekstra tid til å rydde, få unna klesvask og ta ut av oppvaskmaskinen. Eg kjem aldri til å lese artiklar på denne nettstaden igjen.
* Psykolog Maria Østhassel rådar denne veka folk til å vere på vakt så ein ikkje lar seg rive med av Black Friday-tilboda i butikkane. Ho fortel til Tv2 at gode tilbod kan gi ein ”boost” av lykkestoffet dopamin, som kan få ein til å handle ukritisk i gledesrusen ein kjenner. Eg var nok i kontakt med mange kjensler då eg var med på julehandel førre fredag, men eg er rimeleg sikker på at dopamin ikkje framkalte ein einaste av dei.