COLOURBOX12332313

Veka som gjekk (utanfor Sandeid)

Det er mykje som tyder på at årets sommarferie blir tilbragt heime i den trygge favna til moder Norge. Ho som generøst gir av sitt lågtrykk, og som rettferdig fordeler like delar varmegrader på syttande mai og julaftan.

Publisert Sist oppdatert

Det er så godt og trygt å leve i denne bobla av velferd, skistavar og sosekjøt. Og spanande. Det er spanande kvar dag! Ein står opp og drar frå gardinene. Blir det sykkel i dag? Blir det akebrett? Regntøy? Shorts? Kven veit?

Det er bare å omfamne dei gåvene moderlandet skjenker oss. Det blir heilt topp å tilbringe sommarferien her. Hos Rune på Bunnpris er det ingen som spring etter meg med falske Rolex-klokker. Stranda på Nesøyra er som regel heilt fri for blåkvite, ravande fulle britar med speedotruser, eller spesialtilbod på handhekla armband, dyr massasje og sand i både badebukser og handklede. Nei, eg gler meg til å vere heime i Sauda.

Eg gler meg også til å sleppe den slepne stemmen på flyhøgtalaren; ”Ja, mine damer og herrer, da er klokka 04.45, og vi setter kursen mot Gran Canaria. Flytid blir cirka fire timer og femti minutter”, mens eg oppdagar at ungane sine nettbrett gjekk tom for straum i avgangshallen.

Når timane så omsider er gått, skal alle jagast over i ein buss. Ungane er alt møkk leie av å sitte i ro, og ein ny stemme lyder på høgtalar. ”God morgon! Jag heter Stefan, og jag har fått gledan av å ta er med til eran hoteller i dag.” Eg veit av erfaring at hotellet vi skal bu på, kjem til å vere heilt sist på lista over stopp. Det slår ikkje feil. Eg har også fått det einaste setet på bussen der kaldluftvifta ikkje verkar. Då bussen så omsider svingar inn til hotellet vi skal bu på, kjem eg på at det eine nettbrettet ligg igjen på flyet. Saman med mobilen min.

Det hadde aldri skjedd i Sauda.

Ute i verda har det skjedd mykje denne veka, og her er nokre av sakene eg la merke til:

* Universitetet i Bergen er i hardt vêr etter at dei tilsynelatande tilsette Tom Knudsen, ein tidlegare NHO-topp, i ei stilling med millionløn, utan å heilt vite kva stillinga skulle gjere for oppgåver. Det kjem også fram denne veka at Knudsen kravde 540 000 kroner til å dekke utgifter, mellom anna til leige av kontorplass, heime hos seg sjølv.

* Namdalsavisa fortel denne veka om Liverpool-supporteren Lars Petter Danielsen, som blei utsett for eit tilsynelatande humoristisk peik frå kona Linn. Ho sneik nemleg med seg familiens bil, og fekk den foliert med logoen til erkerival Manchester United. Lars Petter reagerte slik ein kvar ordentleg fotballsupporter sjølvsagt ville gjort. Han la umiddelbart bilen ut for sal på finn.no.

* Ein liten godbit frå avisa Nordhordland denne veka. Dei skriv Her kjem dagsturhytta flygande.»

* Samstundes som Stortinget førre veke blei utsett for dataangrep, blei også TV2 utsett for hackaranes vrede. Det er avslørt at både fakturadata og tilsettes personlege datakontoar blei hacka. Heldigvis er ikkje opplysningar om vinnaren av Kompani Lauritzen på avvegar, så heilt krise er det ikkje.

* Tom Stræte Lagergren er aktuell som dommar i programmet The Voice», og denne veka snakkar han ut om den tøffe tida som DJ i det store utlandet. Det er ikkje småtteri av påkjenningar ein stakkars DJ må gjennom for å klare seg i denne brutale bransjen. Som han seier med eigne ord: Slimhinnene mine tørket inn, så bihulene mine var altså så tørre. Når du flyr mye, gjør det noe med systemet.» Nei, ein kan ikkje anna enn å føle med denne stakkars mannen.

Powered by Labrador CMS