NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:
– Godt for miljøet og godt for lommeboka
Like før klokka 18.00 tirsdag ettermiddag, 3. november, blei ein liten flokk damer observert på veg til biblioteket i Sauda. Ikkje noko uvanleg med det. Litt uvanleg var det at fleire av damene bar på symaskiner. Forklaringa var at dei skulle på kurs i «Omsøm» som denne kvelden blei arrangert på biblioteket i regi av «Grønare Sauda».
Bodil Bojesen, som er med i den kommunale miljøgruppa, kunne fortelje at miljøgruppa hadde fått pengar frå Sauda kommune til å starte opp eit kurs for dei som ønsker å lære meir om reparasjon og omsøm eller rett og slett skape noko nytt av gamalt.
Kurset skal gå over tre tirsdagar, med den første kurskvelden 3. november. Bodil Bojesen fortel at dei har vore så heldige å få låne biblioteket heilt utan kostnader.
– Vil ein vere med er det berre å kome, inga påmelding er nødvendig og alle er hjarteleg velkomne, seier Bojesen.
Miljøgruppa har leigd inn Heidi Renate Bjelland og Trine Trættengen Øverli som kurshaldarar, og dei to ekspertane fekk fort nok å henge fingrane i.
– Sponsormidlane frå kommunen gjorde at vi kunne leige inn desse to flinke damene fortel Bodil Bojesen som er glad for at så mange tok turen innom denne første kurskvelden, og ho håpar enda fleire kjem dei neste to kurskveldane.
Wenche Pleym