Veka som gjekk (utanfor Sandeid)
Eg har komen til ei erkjenning som eg trur sit langt inne for dei fleste mannfolk.
Å kome til den erkjenninga eg har gjort, krev både sjølvinnsikt og mot. For meg har det vore ein langdryg og smertefull prosess å kome fram til denne sanninga, som eg eigentleg burde ha innsett for lenge sidan.
Eg er ikkje spesielt handy. Sånn, no har eg sagt det.
Eg veit at dette er tankar som dei fleste menn ikkje vågar å kjenne på, og langt mindre seie høgt. At ein oppegåande, dels frisk og fungerande mann skal avmaskulinisera seg sjølv, og fornedra seg til noko så ynkeleg som dette, det har for min del krevd sitt. Mange forsøk, mange blå tomlar og verktøy som har blitt øydelagt i sanselaust raseri.
For all del. Eg er ikkje heilt på jordet. Eg har både lista, malt og lødd ved. Eg har skifta batterier i røykvarslarar og eg har skifta lyspærer. Høgtrykkspylaren har eg god kontroll på, og det same med grasklipparen. Det handlar heller ikkje om latskap, for eg ryddar, vaskar og fiksar nesten kvar gong eg får beskjed om det. Problema starter som regel når arbeidet krev meir enn hammar, skrujern eller skiftenøkkel. Eg trur eg manglar det genet som hjelper meg å holde hovudet kaldt når ein skrue eg nettopp skrudde ut, plutseleg har blitt større når han skal skruvast inn igjen. Eller at holet har blitt mindre. Det skal ikkje mykje motstand til, før hammaren blir det einaste verktøyet eg er komfortabel med. Resultata blir ofte deretter.
Eg er også ein av dei som snakkar med dei tinga eg skal sette saman, reparere eller montere. Det går hovudsakeleg i bønn, som raskt går over i grove truslar. Å gi trevirke menneskelege eigenskaper fell meg heilt naturleg. Om dei runde trepluggane til IKEA-hylla ikkje passer i holet, så er det ikkje meir enn fair å gi møbelet ein sjanse til å komme på betre tankar før eg grip til makt, ukvemsord og hammaren. Eg er jo ikkje urimeleg.
Å lese nyheiter på nett er ei god avkopling, og her er nokre av dei sakene eg beit meg merke i denne veka.
- Akkurat når min gamle heimstad Bergen ser ut til å ha komen seg ut av den verste koronabølga, truar nye mørke skyar, skal vi tru Bergens Tidende. Det er så langt ikkje lagt konkrete beredskapsplaner, men om trusselen er reell, vil bergensarane måtte forholde seg til ein heilt ny kvardag, der ein aldri heilt kan vite kva som lurar rundt neste sving. For dei som endå ikkje har fått det med seg, så har altså Per Sandberg varsla at han vurderer å starte eit nytt kapittel i si politiske karriere i Bergen.
- Fotballaget Real Madrids manager Zinédine Zidane var alt anna enn fornøgd då laget hans bare klarte uavgjort i helgas kamp mot Osasuna. Årsaken til at den franske trenaren var rasande, var at det hadde falle nokre centimeter snø som gjorde baneforholda dårligare enn vanleg. Han skal vere hjerteleg velkomen til europacupkamp på Aspmyra, den godaste Zidane.
- Dagbladet røper denne veka kor store mengder alkohol ein kan drikke i løpet av vekas sju dagar, utan å forkorte levetida eller utsette seg for risiko for hjarte- og karsjukdomar. Eg mistenker at om ein følger Dagbladet sin logikk, og har som mål å drikke mest muleg kvar dag heile veka, så er ikkje høgt blodtrykk det ein skal bekymre seg mest for.
- Arnold Schwarzenegger kalla denne veka USAs president Trump ”den verste presidenten i historia”. Det veg tungt når det kjem frå den tidlegare skodespelaren som har levert meisterverk som ”Førskolepurk”, ”Conan Ødeleggeren” og ”Bjelleklang”.
- Ein mann frå Oslo blei denne veka dømt for å ha juksa til seg omlag ein halv million kroner frå NAV i koronakompensasjon, skriv Dagbladet. Mannen skal ha rapportert inn tilsette som ikkje fantes, og ba om redusert straff, då NAV var så lettlurte. Han fekk det motsatte, og eg vil gjerne nytte sjansen til å gi ein kort beskjed til NAV i Sauda. Både spahotellet og mine to fabrikkar i Svandalsvegen er for tida svært vanskeleg å finne, grunna store snømengder. Dei 74 tilsette er også utilgjengelege ei stund framover. Takk for tålmodigheita.
- Denne helga sparkast Melodi Grand Prix i gang, og sjølv om det er gjort ein formidabel jobb med å skrape fram dei siste restane av botnslammet i musikknorge, ville eg heller ha brukt laurdagskvelden til montering av vitrineskåp frå IKEA. Utan monteringsanvisning.