Vestlandskommunar i økonomisk uføre
Fleire kommunar på Vestlandet står i fare for å hamne på Robek-lista. Demografiendringar og høge renteutgifter er nokre av utfordringane deira.
I årsrapporten for 2024 skreiv Statsforvaltaren i Vestland at ingen kommunar i fylket var på Robek-lista, men at dei venta at fleire ville bli oppført der i 2025. Så langt i år har berre Stad kommune i Nordfjord hamna der, men fleire andre er i fare.
– Det er mange som slit økonomisk no, og det blir spanande ved årsslutt kor mange som greier å ta inn underskotet frå i fjor. Mange har vanskar med å få drifta i balanse, fortel statsforvaltaren i Vestland, Liv Signe Navarsete, til Nynorsk pressekontor.
Vestland har sloppe billeg unna – til no
Regjeringa sjølv reknar med at 30 kommunar i landet er på lista innan utgangen av året.
Statsforvaltaren i Vestland starta tidlegare i år eit læringsnettverk for berekraftig økonomisk omstilling saman med KS (interesseorganisasjonen til kommunane). Kommunane Stad, Stord, Stryn, Sunnfjord, Osterøy, Bømlo, Fjaler, Kinn og Austevoll er med. Desse kommunane blei plukka ut fordi dei hadde omstillingsbehov. Dei økonomiske utfordringane har ofte årsak i demografiutfordringar, stor pris- og lønsvekst og auka renteutgifter, fortel Navarsete.
– Befolkninga i mange kommunar blir eldre. Nokre kommunar står i det no. Dei har vore gjennom prosessar med innsparingar. Likevel, sjølv om det blir færre barn, ønskjer ingen å miste oppveksttilbod som barnehage eller skule. Det er krevjande for kommunane å overføre midlar frå oppvekst til eldreomsorg, men det blir naudsynt for å få drifta i balanse, seier Navarsete.
Renteutgiftene har auka mykje dei siste åra, saman med større kostnadsvekst.
– Dette råkar oss som privatpersonar, men også kommunane. Saman med demografiendringar er det her dei fleste har utfordringane sine. Trass i auka inntekter i kommunebudsjetta, er det krevjande å halde drifta i balanse.
Fleire kommunar har gjort innsparingstiltak, men det tek tid før det får full effekt, fortel Navarsete.
Gode år er forbi
Robek-registeret vart etablert i januar 2001 med 57 kommunar. I desember 2004 var 118 kommunar på lista, men talet gjekk gradvis nedover etter det.
Lars-Erik Borge er forskingssjef ved Senter for økonomisk forsking på NTNU. Han fortel at norske kommunar har vore inne i ein god periode sidan toppen i 2004. Dette kjem av at kommunane i åra etter 2014 har fått ein betydeleg meirskattevekst
I 2019–2020 var berre ti kommunar på lista – det lågaste nivået nokon gong – men meirskatteveksten tok slutt i 2022. No ventar det krevjande innsparingar som følgje av prisvekst, auka renteutgifter og høge demografikostnadar.
Upopulære innsparingar
Utviklinga i økonomien kjem likevel som følgje av dårleg økonomistyring over lengre tid, og Borge meiner fleire kommunar burde teke grep tidlegare. Men meirskatteveksten kan ha forseinka viljen til dette.
– Fleire kommunar har bygd opp disposisjonsfond gjennom åra, men nokre har no brukt dei opp fordi tidene har vore vanskelege. Eg ser for meg at kommunane vil få det krevjande dei neste åra mellom anna på grunn av eldrebølgja som bidreg til høgare utgifter i pleie- og omsorg.
Kommunar må ha eit underskot eller negativt nettodriftsresultat for å hamne på Robek-lista. Etter det har dei to år til å kome seg i balanse. Borge trur det blir nødvendig for fleire kommunar å flytte midlar frå barnehage og grunnskule over til eldreomsorg.
– Dette blir upopulært, men i mange kommunar har elevtalet og talet på barn i barnehagealder gått ned i fleire år, likevel har det vore same tal på skular og barnehagar.