For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto.

Vil styrke rekrutteringa til lokalavisene

Publisert Sist oppdatert

Dei siste åra har det vorte stadig meir krevjande å finne rett kompetanse til lokalavisene. No vil LLA vite kva kandidatane er opptekne av, slik at medlemsbedriftene kan jobbe meir målretta med rekruttering.

– Dette er ei utfordring heile bransjen er oppteken av, men som spesielt råkar lokalavisene, seier Tomas Bruvik, generalsekretær i Landslaget for lokalaviser.

Han seier det er uforståeleg at ikkje fleire søkjer seg til lokalavisene.

– Lokalavisene er berebjelken i demokratiet vårt, demokratiet startar i lokalsamfunnet. Oppdraget til lokalavisene er å spele ei konstruktiv rolle i lokalmiljøet. Lokalavisa skal gjere det betre å bu, leve og arbeide i lokalmiljøet, seier Bruvik.

FRAM Rekruttering og rådgiving er engasjert for å hjelpe til i dette arbeidet. Lokalavisene må tenkje langsiktig rundt rekruttering,

– Rekrutteringsutfordringane i lokalavisene er ikkje unike, og vil ikkje gå over av seg sjølv. Dette er knytt til store samfunnstrendar som låg arbeidsløyse, flytting frå bygdene og kamp om dei beste hovuda på tvers av bransjar. Lokalavisene bør derfor leggje ein strategi for å sikre rekrutteringa i mange år framover, seier Bård Idås, dagleg leiar i FRAM Rekruttering og rådgiving.

(NPK)

Powered by Labrador CMS