NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:

Therese Sivertsen snakka om kvinnehelse.

– Ein forrykande kveld om kvinnehelse!

Torsdag 29. januar blei litt av ein fest då Sauda sanitetsforening hadde invitert til open kveld om kvinnehelse. Nyesalen var overbooka, men me klarte å finna plass til alle, både medlemmer, ikkje-medlemmer og ein heil klasse med unge jenter frå vidaregåande skule.

Publisert

Programmet starta med ein nydeleg minikonsert der pianovirtuosen Wilmer Teig imponerte. Berre 14 år og spelar så utruleg godt at me berre sank tilbake i stolane for å nyta musikken.

Kvifor treng kvinnehelse merksemd?

Historisk har mannen voren «malen» i medisinsk forsking, og derfor manglar me enno viktig kunnskap om kvinners helse. Dette kan føre til at kvinner blir seint diagnostisert, feildiagnostisert eller feilbehandla:

1 av 10 kvinner har endometriose – det tek i snitt 7 år å få diagnosen

2 av 3 kvinner i overgangsalder har plager som påverkar livskvalitet og arbeidsevne

1 av 2 kvinner med hjartesvikt får ikkje tilstrekkeleg behandling

I år set NKS spesielt søkelys på helseutfordringar blant yngre kvinner, ei gruppe som ofte blir oversett i forskinga.

Det store trekkplasteret denne kvelden var Therese Sivertsen som i klare ordelag sette namn på eigne frustrasjonar og tankar om kvinnehelse. Scenevant og sprudlande som ho er fekk ho fram bodskapen på ein glimrande måte. Det blei mykje humor og latter og smil prega forsamlinga. Dama hadde mykje på hjartet og alt blei sagt rett fram og var lett forståeleg. Kvinnehelse må bli sett på dagsorden og det er me som må gjera det. Ein kan ikkje venta på at «ein eller annan» skal gjera det, men ein må gjera det sjølv. Sivertsen hadde sjølv skrive fleire artiklar og gjort intervju med media der ho hadde brukt seg sjølv som døme. Ho starta mellom anna Sanitetssalongen på Sandnes og den arenaen for kvinnehelse er blitt svært populær.

Therese Sivertsen engasjerte alle.

Den gode stemninga fortsette då det kom diverse gode salatar og foccatiabrød mm. på bordet og drøsen gjekk. Samtidig var det sal av årer og mange kunne ta med seg små premiar pynta med fargerike hjarter i denne fine fastelavnstida. I år har sanitetskvinnene selt fastelavnris i 80 år. Inntektene bidrar til forsking på kvinnehelse.

Kvelden blei avslutta med litt informasjon om programmet utover året, mellom anna årsmøte, sommartur og kjoleauksjon. Ein strålande kveld var over og så var det vel heim på glattisen.

Støtt ei god sak: Kjøp eit ris til mor eller bestemor på morsdagen 8. februar eller ei hjarte til ein du er glad i valentinsdagen 7. februar. Og bli gjerne medlem.

 

Litt om fastelavn

Skikken stammar frå ein heidensk vårfest der kvinner, dyr og tre skulle vekkast til fruktbarheit ved hjelp av slag med denne livskvisten. Om våren tok ein kvister inn i huset og let dei springa ut der. Slik førte dei til livskraft for folk og fe og det var livsfremjande om ein kom nær nysprotne kvister. Riset blei pynta og opphaveleg berre brukt på unge og barnlause hustruer. I dag er det vanleg å baka fastelavnsbollar for å markera sjølve fastelavnsdagen. Fastelavn markerer starten på fasten som varer fram til påske.

I Sauda var det Sanitetens Yngres avdeling som starta med fastelavnsris i 1948, berre to år etter at fastelavnsris blei selt for første gong av NKS i landet. Fjøra kom tilsendt i store sekker frå hønserier på Jæren. Dei unge kvinnene måtte sjølv reinske, vaske og farge fjøra i raudt, gult og blått, tørke igjen, bunte saman og feste til riset. Det første året drista dei seg til å ta to kroner for eit vanleg ris og fem for eit stort «forretningsris». Skam for den forretning som ikkje hadde eit slikt i utstillingsvindauget.

Utover på 1980-talet og 1990-talet selde kvinnene 500 ris kvart år. Frå 1993 fekk dei kvist frå teknisk eining i Sauda kommune som skoga og køyrde riset på plass. Dette var gledeleg for Saniteten som i alle år hadde måtta ordna med skoging på eiga hand.

Pianovirtuosen Vilmer Teig heldt minikonsert.

På 2000-talet gjekk talet på ris ned til 350 og i 2014 var det berre 260 ris sjølv om karane på teknisk ordna både ris og lånte ut dei gamle lokala sine i Torsvegen. I 2016 fekk kvinnene plass til fastelavnsarbeidet i ein varm og god garasjehall på Sorteringsanlegget på Birkeland der dei heldt til fram til 2023. Det året tok dei med seg sanitetsmennene sine, barnebarn, hundar, julebakst og kaffi og henta bjørk i Maldal. Ein koseleg dag med vinter, snø og bål før lass med bjørk blei køyrd til Kraftstasjon 3 der bindinga skjedde. Det tradisjonelle riset fekk no følge med fint pynta hjarter som var lette å selge. Inntektene har alltid bidratt til kvinnehelseforsking.

Powered by Labrador CMS