NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:

Torben Djuv Søfting (til venstre), Frida Kolbeinsvik og Iver Bastlien gjekk gode løp og hausta medaljar i helgas KM i langrenn på Sadrik i Vennesla.

Langrenn: Gull, sølv og bronse til Sauda

Frida Kolbeinsvik kretsmeister i K-18. Torben Djuv Søfting og Iver Bastlien på medaljeplass i M18.

Publisert Sist oppdatert

Totalt ti lokale løparar var i aksjon i helgas KM-renn i langrenn. Berre tre av dei stilte imidlertid i «rett» meisterskap, det vil seia i kretsen dei høyrer til. Til gjengjeld reiste alle tre heim med medalje rundt halsen.

Frida Kolbeinsvik, Torben Djuv Søfting og Iver Bastlien, Sauda IL, var alle på plass på Sandrip i Vennesla der Agder og Rogaland skikrets avvikla sitt meisterskap. Frida gjekk inn til ein fjerdeplass i laurdagens fristilrenn og andreplass søndag, snaue halvminuttet bak vinnaren. Men, for å få KM-medalje, må ein gå i sin eigen krets. Det gorde ikkje fleire av konkurrentane til Frida, og ho rykka dermed opp til sølvplass laurdag – og til KM-gull i klassen kvinner 18 år på søndag!

Klubbkameratane Torben Djuv Søfting og Iver Bastlien stilte til start i søndagens klassiskrenn. Her var dei absolutt med i tetkampen, og enda til slutt som nummer to og tre både i rennet og i KM, høvesvis fire og 17 sekund bak vinnaren. Søfting og Bastlien går i klassen M18 år.

 

Elias på pallen

Elias Dybing og Iver Bjerga Øverland er begge stasjonert i Lillehammer-traktene, og valde å konkurrera i felles KM for Hedmark og Oppland framfor å ta den lange turen til Vennesla. Elias gjekk inn til tredjeplass i laurdagens sprint, og følgde opp med ein god andreplass i søndagens 10 km fellesstart i friteknikk i M18, 2,7 sekund bak vinnaren.

Iver stilte også på 10 km fellesstart, der han gjekk inn til sjetteplass av dei 20 som deltok i M 19-20.

 

Fornøgd gjeng frå IL Ny Von og Sauda IL etter vel gjennomført renn i Røldal laurdag. Frå venstre står Anne Sigrid Øye Rossebø, John Øverland Seim, Helmine Seim, Tindra Ness og Jonathan Seim.

Helmine og Anne Sigrid til topps

Grunna lang reiseavstand til Vennesla valde også rekruttane eit anna KM enn sitt eige. Fem løparar frå IL Ny Von og Sauda IL reiste over fylkesgrensa til Røldal og Korlevoll, der dei konkurrerte i Hordaland sitt KM. Her blei det mange fine resultat og gode skiopplevingar for gjengen som konkurrerer i 11-, 12- og 13-årsklassane.

Både Anne Sigrid Øye Rossebø og Helmine Seim gjekk heilt til topps i laurdagens renn i Røldal sentrum, og Jonathan Seim blei nummer to begge dagar.

Både Jonathan og Anne Sigrid deltar i 13-årsklassen som er yngste KM-klasse, men måtte fint gå ned frå pallen då KM-medaljane skulle delast ut.

Sjå Sauda-resultata her:

KM klassisk Hordaland, Røldal
Fristil, totalt 69 startande
J11, 2,0 km (3 delt.):
1Helmine Seim, IL Ny Von09,45
J12, 2,0 km (6 delt.):
1Cecilia Vik, Suldal IL07,44
3Tindra Ness, IL Ny Von09,02
J13, 3,0 km (2 delt.):
1Anne Sigrid Øye Rossebø, IL Ny Von13,56
G13, 3,0 km (6 delt.):
1Nicolay F. H. Knudtzon, Viking TIF10,32
2Jonathan Seim, IL Ny Von11,29
5John Øverland Seim, Sauda IL13,09
Resultat Korlevollrennet (KM Hordaland):
Klassisk, totalt 106 startande
J11, 2,0 km (8 delt.):
1Kristin Dalsbø-Hansen, Voss IL07,59
3Helmine Seim, IL Ny Von09,31
J12, 2,0 km, (9 delt.):
1Cecilia Vik, Suldal IL07,15
4Tindra Ness, IL Ny Von07,54
G13, 3,0 km (6 delt.):
1Nicolay F. H. Knudtzon, Viking TIF09,34
2Jonathan Seim, IL Ny Von10,02
5John Øverland Seim, Sauda IL11,03

Powered by Labrador CMS