NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:

Ein konsentrert Ola E. Bø i Nyesalen.

– Nynorsk er best med dialektklang

Dramaturg, oversettar, språkrettleiar og tidlegare Noregs Mållag-leiar Ola E. Bø besøkte Sauda mållag.

Publisert

Torsdag hadde Sauda mållag årsmøte, med rundt 30 frammøtte. I føredraget sitt gjekk den utflytta saudabuen Ola E. Bø 200 år attende til ulike linjer eller strategiar for å danna eit nytt norsk språk. Som nynorskens far ville Ivar Aasen (1813-96) samla inn og systematisera dialektane for å laga nynorsk. Knud Knudsen (1812-95) ville på si side utvikla eit skriftspråk basert på talemålet til «dannede folk.» I praksis ville Knudsen gå stegvis fram mot bokmål medan Aasen var meir radikal. Ofte dukkar det opp spørsmål om kva som kan aksepterast av dialektinnslag i media, og Ola nemnde professor, Finn Erik Vinje, som var kritisk til dialektar som han kalla grus i maskineriet eller forstyrrelse på linja.

 Nynorsk i media

Christian Borch med lang fartstid i media syntest også at «dialektbølga» gjekk for langt, og han snakka om eit «dialekt-ragnarok» der kaos var regelen. I boka si, Bak kulissene, dreiv Borch med utskjelling av for eksempel USA-korrespondent Lars Os frå Os i Hedmark. Ola nemnde i denne samanhengen Borten, Røiseland, Leirfall og finansminister Johnsen som på kvar sin måte gav politikken ny energi i form av fargerike dialektar. Rolf Just Nilsen laga den gong herlege, politiske parodiar, men Ola meiner at dei på denne måten tok bevisste standpunkt og markerte seg i det norske demokratiet.

Ikkje uventa var Ola kritisk til Aftenposten og deira stavekontroll som han kalla eit språkpolitisk sensurorgan. Mange nordmenn langt utanfor Oslo-gryta har skifta til eit slags standardspråk bygt på talespråket på Oslo vest. Dette prestisjespråket må for all del unngå a-endingar i både substantiv og verb, men som Ola påpeikte: Erna er stjernen, rimar dårleg.

 Teateret si rolle i debatten

Som dramaturg, omsetjar og språkrettleiar ved Det Norske Teatret i mange år har Ola «drive nynorsk styrketrening,» og han er sjølvsagt opptatt av korleis scenespråket kan påverka tale- og skriftspråket. Ola gav oss derfor eit lynkurs i norsk teaterhistorie der danske skodespelarar lenge dominerte scenen, noko som resulterte i språkstrid med pipekonsertar og slåsskampar på Christiania Teater. Det er ikkje vanskeleg å forstå at det må bli «krig» når Arne Garborg har ansvaret for Jeppe på Bjerget. På Teaterhøgskulen frå 1953 var det nynorskundervisning, men også kurs i språkovergang, det vil seia korleis ein skal læra seg «dannet østlandsk.» Ifølge Ola blei Jon Eikemo mobba med klar beskjed om å snakka norsk. Mange dialektar står støtt mot presset

– Dei norske dialektane står sterkt, slo Ola fast. Pia Tjelta har hatt mange ulike roller med sin stavangerdialekt, og Hildegunn Riise og Bjørn Sundquist er i same klasse. Det er nemleg farten og klangen i dialekten som er avgjerande.

Ola avslutta med Olav H. Hauges dikt, Fjellblokka kallar dei meg òg, som klart viser at det er diktaren sin dialekt som får fram klang og rim. Det var neppe tilfeldig at Ola ved fleire høve siterte Hauge (1908-1994) frå Ulvik ettersom mora, Marta Bø (1919-2012), vaks opp i Ulvik i same perioden.

 Samtale med Ola E. Bø

Ola er fødd i Kristiansand i 1948, men budde på Birkeland fram til studietida i Bergen. Her deltok han aktivt i kulturlivet og dreiv blant anna Nordahl Grieg-teateret og eige plateselskap før han var leiar i Noregs Mållag 1984-87.

– Kva var stridens kjerne den gong?

– Mykje handla om lærebøker på nynorsk i alle fag, vel å merka at dei kom ut på same tid som bokmålsbøkene. Slagordet: «Snakk dialekt, skriv nynorsk,» var aktuelt, men me var nok forbi perioden då dei ekstreme kalla motparten grautmål og dansk.

– Korleis er stoda for nynorsken i dag?

– Den er god, og folk står fram og er stolte av nynorsken sin. Prosentvis går me ned i skulen, men me har altså større aksept. Me står sterkt i litteraturen med blant andre Jon Fosse og Kjartan Fløgstad, og me har eit stort språkleg mangfald. Me har flinke folk i media, for eksempel Ole Rolfsrud i sporten. Så kan ein sjølvsagt spørja seg om det var rett at Ingerid Stenvoll fekk grønt lys til å bruka Målselv-dialekten sin i 2009. Me bør fokusera på dei store linjene i staden for å henga oss opp i språkleg pirk. Personleg kunne eg nok i dag tenkt meg eit sterkare fokus på dialektane i arbeidsprogrammet for Noregs Mållag.

Ola underviser framleis komande skodespelarar i nynorsk ein dag i veka, og han bur i Oslo, ikkje langt frå søstera, Åshild, og broren, Asgeir.

 Årsmøte

Etter føredraget var det tid for årsmøte av den kjappe typen. Leiar, Terje Fatland, fortalde kven som hadde vore med i styret, og at dei hadde hatt tre møte. Å vera synleg i sentrum på folkerike dagar viser seg å slå positivt ut på medlemstalet, frå 19 medlemmer i 2019 til 81 i dag, men med mål om å nå 90 i løpet av året.

Rekneskapen var av det forståelege slaget og viser at økonomien er tilfredsstillande.

I år var det berre Terje Fatland og Dagfinn Birkeland som var på val, og begge tok attval, Terje som leiar for eit år, Dagfinn som styremedlem for to år.

Powered by Labrador CMS