NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:
Nytt «Gamalt frå Suldal»
For 27. gong gir Suldal sogelag ut årsskriftet «Gamalt frå Suldal».
Det er, som vanleg frå gjengen bak boka, blitt ei flott og interessant årbok. Nokre av artiklane tar lesaren tilbake til riktig gamle dagar, men her er også mykje av interesse frå den nære fortida.
Naturleg nok pregar utvandringsjubileet også denne utgåva. Det handlar både om dei som drog og blei verande i Amerika og om han som drog og kom tilbake. Lisbet Risa har skrive om Anders Lone, fødd i 1880 som drog frå garden på Herabakka i Suldal i 1903 og kom attende i 1920. Fotointeressa hadde han med seg på begge sider av Atlanteren. Bileta han tok er eit viktig tilskot til det Risa skriv.
Kolbein Bakka har gjennom mange år hatt interesse for utvandrarhistoria. Han har både vore «over there» og møtt slekt etter utvandra suldølar, og han har tatt imot og vist rundt nye generasjonar amerikanarar med røter i Suldal. Han veit godt at ikkje alle suldølane fann lukka i Amerika. Denne gongen skriv han om nokre som absolutt lukkast – det fortel overskrifta til artikkelen mykje om: «Frå armod heima i Suldal til toppjuristar i USA»:
Om nokon skulle tru det – lokalhistorisk treng ikkje vere tung og traurig.
Roy Høibo og familien flytta til Sand i 1978. Han var ei tid redaktør i Suldalsposten, seinare og i mange år var han museumsdirektør ved Ryfylkemuseet. Han er representert med to lange og velskrivne artiklar. Her vil eg nemne den lengste, «Kraft og kultur – rapport frå eit samfunn i endring». Høibo skriv om sitt eige møte med eit veletablert samfunn som han kanskje ikkje visste så mykje om då han kom til kommunen, og han skriv om ein kommune som blei sterkt prega av Noregs største kraftutbygging i desse åra. Hans avsluttande kommentar er det verd å ta med seg her: «For meg som har brukt livet mitt på å dokumentere, forske i og formidle kulturhistoria i Ryfylke er det underleg å vera vitne til så lite interesse for å ta vare på det som for meg framstår som ei viktig historie i ein interessant tidsperiode for distrikta.»
Om nokon skulle tru det – lokalhistorisk treng ikkje vere tung og traurig. Det er berre å lese Terje Bråtveit (fødd i 1952) sin gjennomført morosame artikkel «Sand – tankesprang frå ein suldøl». Han serverer lesaren eit vittig skråblikk på oppveksten, spesielt hans møte med metropolen i kommunen, Sand. Han skriv: «Då me var i 10 – 12 årsalderen, sykla me til Sand eit par gonger. Første gongen snudde me på Haua – med tanke på dei lovlause som kunne rå i Gata.»