NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:

Då postane blei lagt ut snøa det kraftig. Då løpet starta var det perfekt løpsvêr.

O-løp: Frå snø til perfekt løpsvêr

Det fjerde løpet i Statkraftcupen gjekk ved Røyrvikvatnet.

Publisert

Tysdag 12. mai var det o-løp i traktene ved Røyrvikvatnet. Under utlegging av postane snøa det kraftig, og snøen la seg både på bakken og på karta. Heldigvis betra det seg, og det vart perfekt løpsvêr. Dette området er av den finaste sorten, med heilt utrørt terreng, noko dei 18 løparane gleda seg stort over. 

Arrangørar/løypeleggarar var Gro Iren E. M. Løland og Jon L. Grindheim.

Vanessa Venema (til venstre) deltok i trimklassen. Merel Dirksen, her med sonen Leo, vann kortløypa.

Resultatlister:

Ny løype:

Anne Sigrid Øye Rossebø 34.06

 Kort løype:

1. Merel Dirksen 20.57

2. Øystein Øye Rossebø 22.14

3. Ole Johan Ilstad 25.43

4. Alf Gunnar Paulsen 28.10

5. Guri Småmo 28.36

 Mellom-løype:

1. Knut Ove Lien 31.10

2. Sander Stielstra 33.55

3. Bjørn Egil Rossebø 37.16

4. Peter Dirksen 44.35

5. Erik Espevik 71.21

 Lang løype:

1. Magnus Landstad 41.31

2. Lars Folgerø 47.07

Trim:

Max Dirksen Bentsen, Leo Dirksen Bentsen, Vanessa Venema, Yolanda Dirksen og Trond Farbu.

Powered by Labrador CMS