NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:
Saudabu med spennande sjølvbiografi
Ernst Rolf Midtun, fødd på Sauda sjukehus 1. september 1944, har skrive Jenny, ein spennande roman frå vårt nærområde. På anlegg i Hellandsbygd under krigen møter Jenny (1922-1990) frå Odda saudabuen Ernst Janson (1923-2010), og dei får sonen/forfattaren (i boka kalla Jørgen) som sju veker gammal blir adoptert bort til eit barnlaust ektepar i Odda.
Jørgen veks opp i Odda med ei familiehistorie som ikkje heng saman. Løgn og uforklarlege episodar fører til angst, magesår og ulike vanskar som etter kvart krev mange års hjelp frå psykiater.
Jenny er ein rå og gripande roman om kjærleik, skam og svik og handlar om vala me sjølv tar, men også om val som blir tatt frå oss. Kan me sakna nokon me aldri har kjent?
Romanen er også eit spennande tidsbilde med lokalhistorie frå 1940- og 1950-åra.
Boka er inndelt i sju delar med kronologiske hopp, men før prologen har forfattaren nytta Olav H. Hauge sitt kjende dikt: Det er den draumen. I vanskelege tider gjeld det om å ta vare på håpet, ikkje gi opp, men komma seg gjennom.
Trass i vanskane gjer Ernst Rolf ei unik karriere som leiar for store byggeprosjekt på Kårstø, i India, Kina, Tyrkia, Namibia, Tanzania og Mozambik, og blant dei tilsette er hans eigen far, Ernst Janson, kanskje mest interessert i jaktturane i Afrika?
Ernst Rolf Midtun kjem til Sauda for å fortella om boka og livet sitt, på Alfred og på biblioteket komande helg.
Kåre Rød – på vegner av arrangørane