NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:

Marius Martinussen er ein norsk biletkunstnar som arbeider med abstrakt måleri.

Stiller ut på biblioteket

Ryfylke kunstlag har glede av å presentere vandreutstilling med kunst frå Marius Martinussen. Utstillinga kan du sjå på biblioteket i Sauda frå førstkomande måndag.

Publisert

Marius Martinussen (f. 19. april 1978) er ein norsk biletkunstnar som arbeider med abstrakt måleri. Martinussen arbeider konsekvent med airbrush og tape, utan bruk av pensel eller synleg tekstur.

Arbeida kan gi assosiasjonar til kart, strukturar eller landskap, men viser ikkje til konkrete stader eller motiv. Inspirasjonen kjem mellom anna frå matematikk, fysikk, natur og kosmologiske teoriar, der idear om utviding, rytme og samanheng står sentralt.

Nokre av kunstnarens verk.

Dei seinare åra har uttrykket utvikla seg frå stramme geometriske strukturar til eit friare og meir organisk formspråk. Felles for arbeida er ei interesse for spenninga mellom kontroll og oppløysing, presisjon og rørsle.

Kunstnerforbundet skriv føljande om Marius: «Marius Martinussen er en måler med mange fasetter. På få år har han markert seg som en av de mest produktive og markante malarane som vaks opp på 80- og 90-talet.Han gir vår samtid et kunstnarisk uttrykk gjennom å bruke media og reklamespråket i biletkunsten. Martinussen er en dyktig kolorist, og maleriene hans er fargesterke og ekstravagante med et bredt register av referansar til den visuelle populærkulturen». Utstillinga «Undervegs» samlar arbeid frå fleire periodar og seriar i Marius Martinussen sin praksis.

(innlegget er korta ned av redaksjonen)

Powered by Labrador CMS