NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:
Zonta-damene: – Me gler oss!
Sauda og omegn Zonta-klubb håpar at Storesalen i Folkets Hus blir stappfull når dei nå skal arrangera eit ope møte med fleire spennande saker på programmet.
– Me er veldig glade for at me har fått Elin Tvedt til å halda føredraget sitt hos oss. Me høyrde om andre som var frå seg av begeistring etter å ha opplevd føredraget hennar. Så dette ser me verkeleg fram til. I tillegg ser me fram til å få dela ut Ingeborgprisen til Ellen Marie Saua under dette møtet, seier Torunn Djuvik i Sauda og omegn Zonta-klubb.
Torsdag i neste veke inviterer damene i den lokale zontaklubben til sitt faste, opne marsmøte. Etter at dei flytta arrangementet til Storesalen i Folkets Hus i 2024 har dei opplevd stor interesse og stort oppmøte under sine opne arrangement.
– Tradisjonelt sett er det flest kvinner som kjem, men det er viktig å presisera at dette absolutt også er for menn, seier Margoth Sundsbø.
I tillegg til Ingeborgpris-utdeling og Elin Tvedt-føredrag, vil ungdomspolitikar Ingrid Fatnes (18) halda kvinnedag-appellen. I tillegg blir det fleire kulturelle innslag - og sjølvsagt pause med mat og drikke. Det blir også åresal, der den lokale handelsnæringa har bidratt med premiar.
– Før var me litt bekymra for økonomien i slike arrangement og me var veldig opptatte av å få eit godt overskot som me kunne gi til ulike jente- og kvinneprosjekt. Nå har me litt meir senka skuldrer, og tenker at me må våga å satsa, og at det også er viktig og bra at me gir gode opplevingar til publikum, seier Djuvik, som presiserer at Zonta ikkje er ein veldedighetsorganisasjon.
– Men me er ein organisasjon som jobbar for å støtta og fremma kvinner. Går arrangementa våre i pluss, vil overskotet gå til veldedige føremål retta mot jenter og kvinner, legg ho til.
Det er lagt ut 118 billettar for sal og arrangementet vil truleg vara i underkant av tre timar.